Statsforvaltaren endrar Averøy kommune sitt vedtak. Atlanterhavsvegen Havstuer AS får ikkje lenger mellombels løyve til å stille opp bubilar på kommunen sin tomt.
01.04.2022
Statsforvaltaren søker Miljødirektoratet om løyve til å behandle Driva og Litldalselva med klor, og Usma og Batnfjordselva med rotenon. Målet er å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
29.03.2022
Urolege tider fører til mange spørsmål. Her har vi samla nokre av dei mest sentrale kjeldene til oppdatert informasjon om den spente situasjonen i Europa – og korleis dette kan påverke oss.
25.03.2022, Endret 28.09.2022
Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for mars.
18.03.2022
Vi tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina: tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen?
Kommunal- og distriktsdepartementet har samla relevant regelverk mv. om enklare byggesaksprosessar i samband med den venta massetilstrømminga av ukrainarar på flukt.
Statsforvaltaren har halde innlegg om det politiske handlingsrommet etter plan- og bygningslova i Herøy og Ørsta kommunar.
Tysdag 15. mars samla Statsforvaltaren Fylkesberedskapsrådet til møte i Molde. Tema for dagen var krigen i Ukraina.
16.03.2022
Statsforvaltaren følgjer situasjonen i Ukraina. Vi har onsdag 2. mars hatt møte med alle kommunane og medlemmane i Fylkesberedskapsrådet i Møre og Romsdal for å informere om den ustabile tryggleikssituasjonen i Europa. I møtet deltok representantar frå Forsvaret, Politi, Nasjonal tryggingsmynde og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
02.03.2022
Regjeringa vedtok 11.02.22 vern av Skjoralia naturreservat i Surnadal. Området på 137 dekar ligg i elvegjelet mot elva Folda, og har både edellauvskog og furuskog.
25.02.2022