Den siste delplanen for ny E39 gjennom Molde er godkjent
Reguleringsplanen gjeld delstrekninga mellom Julbøen og Molde sentrum, der store deler av traséen går i tunell gjennom byen. Naturvernforbundet i Molde har klaga på vedtaket grunna ulempene for naturmangfald og miljø.
Statsforvalteren har no stadfesta planen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Området som er omfatta av reguleringsplanen gjeld frå Julbøen og fram til tunnelmunninga på Bolsønes, forklarer seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Mellom dei to tunellane, som utgjer mesteparten av planområdet, er det ei strekning på 930 meter som går i ope landskap i Mordalen. Klagepunkta er i all hovudsak knytt til ulempene for miljøet og dei artane som oppheldt seg i dette relativt urørte området av Moldemarka.
Konsekvensar for natur og miljø
– Når ein vedtek eit så stort samferdselsprosjekt som dette, vil det alltid få konsekvensar for natur og miljø. I slike planprosessar må ulempene vegast opp mot fordelar, og det må gjerast ei avveging av interessene. Vi meiner at kommunen har gjort ei slik avveging, og konkludert med kva som er den mest tenlege arealbruken, seier Småland.
Utgreiingar av ulempene
Den vegtraseen som er valt i reguleringsplanen er vurdert å føre med seg mindre ulemper for miljø en andre alternativ som har vore til utgreiing. Fleire regionale myndigheiter hadde motsegner mot fleire av dei andre linjealternativa grunna for store konsekvensar for naturmangfald og friluftsinteresser. Omsynet til miljø og naturmangfald har difor vore eit sentralt tema gjennom reguleringsplanarbeidet.
– Statsforvaltaren meiner at Molde kommune og Statens vegvesen har gjort ei grundig vurdering av arealbruken. Dei har veid omsynet til naturmangfald og miljø opp den store samfunnsmessige nytta eit slikt prosjekt fører med seg, avsluttar Småland.