Søknad om utfylling og peling i sjø ved Gunnarshaug i Karmøy
- Høringsfrist:
- 20. juli 2017 23:00
Marine Aluminium Industrier AS har søkt om løyve etter forureiningslova til utfylling og peling i sjø på eigedomane 143/13, 17, 29 og 142/9 Gunnarshaug i Karmøy kommune. Det skal etablerast to nye industrikaier.
For den nordlegaste av dei to kaiene «kai I» blir det søkt om løyve til ei ca. 28 765 m3 stor utfylling i sjø som vil røre eit 3515 m2 stort sjøbotnareal i tillegg til ramming av totalt 25 stålrøyrspelar.
For «kai II» blir det søkt om løyve til ramming av totalt 45 stålrøyrspelar.
Sjøbotnen i tiltaksområdet blir behandla som om den er forureina då det ikkje er teke sedimentprøvar i sjølve tiltaksområda. Søkjer har føreslått å dekke sjøbotnen i utfyllingsområdet med ein tett vevd duk dekt av eit lag pukk i førekant av utfyllingsarbeida. Søkjer har vidare foreslått å nytte kumringar i pelepunkta som eit avbøtande tiltak under ramming av pelar knytt til kai II.
Uttale til søknaden kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker. Sjå høyringsbrev og saksdokumenta i høgremargen.
- Høringsfrist:
- 20. juli 2017 23:00