Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP
Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 15. september til 15. oktober.
Endelege tilskotssatsar for regionalt miljøtilskot i 2019
Rogaland sin totalramme på 40,1 mill. kr viste seg å ikkje halde når alle søknadane om regionalt miljøtilskot blei summert opp. Fylkesmannen var difor nøydd til å justere tilskotssatsane for 2019.
Publisert 23.08.2019
Regionalt miljøtilskot – viktig informasjon til søkjarane om kart
Skal du søkje om regionalt miljøtilskot? Då må du teikne alle tiltaka på nytt inn i kartet. I år kan du ikkje hente inn kartdata frå tidlegare søknadar. Vi anbefaler difor alle om å sende søknaden i god tid før søknadsfristen 15. oktober.
Publisert 21.06.2019
Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2019
I 2019 er det 40,1 millionar kroner til regionale miljøtilskot i Rogaland. Frå 1. august kan bøndene i fylket søke tilskot til mellom anna skjøtsel av kystlynghei, turstiar i jordbruksområde og miljøvenleg gjødselspreiing.
Publisert 15.03.2019
Regionalt miljøprogram 2019–2022
Regionalt miljøprogram gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene i Rogaland kan søkje på. No er programmet for 2019–2022 klart. Målet er at miljøtilskotet skal bidra til å løyse miljøutfordringane i Rogaland på mellom anna tap av biologisk mangfald, forureining og klimagassutslepp.
Publisert 12.03.2019
Regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt
Frå og med 2019 kan bønder som legg til rette for pollinerande insekt få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen.
Publisert 25.01.2019
Lysark frå høyringsmøte om Regionalt miljøprogram i Rogaland
Høyringsmøtet om nytt Regionalt miljøprogram for Rogaland 2019 – 2022 hadde om lag 30 deltakarar. Her finn du lysarka som blei brukt i møtet.
Publisert 14.01.2019
Høyring av Regionalt miljøprogram i Rogaland 2019 – 2022
Regionalt miljøprogram, RMP gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene kan søkje på i Rogaland. Ny programperiode er 2019 – 2022, og frist for å kome med uttale er 18. februar.
Publisert 01.10.2018
15. oktober er frist for å søke regionalt miljøtilskot
Planar om å søke tilskot til skjøtsel av bratt areal, kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller til miljøvenleg gjødselspreiing? Vi oppmodar alle som vil søke regionalt miljøtilskot om å snarast mogleg levere søknaden. Anten elektronisk eller på papir til landbruksforvaltninga i kommunen. Søknadsfristen er 15. oktober. Gløymer du å levere søknaden, eller vil gjere endringar i søknaden etter frist, så kostar det 1000 kroner per kvardag.
Publisert 13.09.2018
Vil svekke satsinga på bratt areal med over 8 millionar kroner
Forslag om ny instruks for regionalt miljøtilskot gir store konsekvensar i Rogaland. Partane i jordbruksoppgjeret 2018 var samde om å styrke satsinga på bratt areal, samstundes foreslår Landbruksdirektoratet å ta bort tilskot til bratte innmarksbeite. Endringa utgjer om lag 8,4 millionar kroner i året for bøndene i Rogaland.
Publisert 09.07.2018
Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2018
Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2018 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
- Regionalt miljøprogram i Rogaland, RMP 2023-2026 (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2023. Nynorsk (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2023. Bokmål (pdf)
- Rundskriv frå Landbruksdirektoratet om regionalt miljøtilskot 2023
- Rundskriv frå Statsforvaltaren til Regionalt miljøtilskot i Rogaland 2023 (pdf)
- Lysark med rettleiing til søknad om regionalt miljøtilskot 2023.pdf
Aktuelt
Statistikk (excel-filer)
Kart
Regionalt miljøprogram på Temakart Rogaland
Nyttig fagstoff