Statsforvalteren i Rogaland
English Norsk (nynorsk) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvalteren i
    Statsforvalteren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Postjournal
  • Presserom
  • Ansatte
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Oppgåver og ansvar
    Historikk
    Ansatte
    Organisasjonskart
    Avdelingar
    Presserom
    Postjournal
    Språk i regionale statsetatar i Rogaland
    Statsforvaltaren og fylkeskommunen
    Personvernerklæring
    Strategisk satsingsområde: Beredskap
    Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Jobb hos oss?
  1. Rogaland
  2. Miljø og klima
  3. Nytt om miljø og klima

Nytt om miljø og klima

Etterkunngjering av løyve Lyse Neo AS utslepp lensevatn frikjølingsanlegg til Sandnes sentrum

Fylkesmannen har gitt løyve til utslepp av lensevatn frå byggegrop på eit område med forureina grunn på eigedommen 111/253 i Indre Vågen, Sandnes kommune.

16.04.2018

Søknad frå Norsk Gjenvinning AS på Forus

Norsk Gjenvinning AS avd. Stavanger har søkt Fylkesmannen i Rogaland om løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget 13/308 Midtgårdveien 28 Forus i Stavanger kommune.

Det er søkt om å ta imot og samtidig lagra 135 tonn farleg avfall.

Sjå søknad og vedlegg i lenkene til denne nettsaka.

11.04.2018

Søknad om mudring ved kaia i Risavika

Norsea Ekofiskvegen AS ynsker å utdjupa sjøbotn ved Risavika kai i Sola kommune. I den samanhengen søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring.

10.04.2018

Fiskeundersøkingar i Rogaland i 2017

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.

10.04.2018

God støtte til eit reinare Rogaland

Omfattande marin forsøpling har fått stor merksemd dei seinare år, nasjonalt og i Rogaland. Det vert gjort ein stor innsats av særs mange friluftsfolk, grunneigarar, ideelle og offentlege organisasjonar for å rydde strender og havbotn for enorme menger plastikkavfall.

06.04.2018

Etterkunngjering av løyve til Fiskå Mølle til utfylling i sjø

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Fiskå Mølle AS løyve etter forureiningslova til å fortsette utfyllingsarbeid på eigedom 7/5 i Strand kommune.

05.04.2018

Etterkunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø i Kalhammarvigå

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt GMC Eigedom AS løyve til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 59/1712 i Stavanger kommune.

26.03.2018

Ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.

23.03.2018

Melding om oppstart av frivillig skogvern - tre stader i Rogaland

Fylkesmannen har nå meld oppstart av frivillig vern av skog i tre områder i Rogaland. Føremålet med desse reservata er å verna lågtliggande oseaniske skogsområde med regnskogskarakterar samt innslag av edellauvtre.

23.03.2018

Vis omsyn til villrein i påskefjellet!

Me ber alle skituristar i påskefjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av drektige simler.

22.03.2018

Endra løyve til Reve kompost AS

Reve kompost AS søker om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf §16. Det vert søkt om auke i mottakskapasitet frå 10 000 tonn til 25 000 tonn organisk avfall per år på komposteringsanlegget. Anlegget er plassert på Refve gnr. 41 bnr. 3 Nordsjøvegen 520 i Klepp kommune.

15.03.2018

Kart

Nedanfor finn du kart som viser fredningssoner, forbodssoner, kartlenke til Lakseregisteret m.m.

14.03.2018, Endret 21.03.2022

  • Forrige
  • 43
  • 44
  • 45
  • 46
  • 47
  • 48
  • 49
  • 50
  • 51
  • Neste

Statsforvalteren i Rogaland

www.statsforvalteren.no/rogaland

sfropost@statsforvalteren.no

Tlf: 51 56 87 00

Besøk: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.

Post: Postboks 59, 4001 Stavanger

Opningstid: 08.00 - 15.20

Fakturamottak Org.nr. 974763230

Statsforvalter og ansv. redaktør: Bent Høie

 

Personvernerklæring

Tilgjengelighetserklæring (uustatus.no)