Samfunnstryggleik i arealplanlegging

All planlegging skal fremma samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir teken i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse og store materielle skadar. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Heilskapleg kommunal ROS-analyse er ein metode til å kartleggje sannsynet og konsekvensane av uønskte hendingar for eksisterande tilhøve i kommunen. Dette kan til dømes vere naturbasert risiko, verksemdsbasert risiko, store ulykker eller tilsikta hendingar. Denne analysen skal ligge til grunn for å vurdere forhold som bør vere med i planar og prosessar etter plan- og bygningslova. Det er vidare krav til ROS-analyse i samband med alle planar etter plan- og bygningslova (framtidige byggverk eller aktivitet).

Motsegn til planar etter plan- og bygningslova

Dersom det ikkje føreligg ein ROS-analyse til planar etter plan- og bygningslova, om analysen ikkje er god nok eller det ikkje blir tatt omsyn til den risikoen kjem fram, kan Statsforvaltaren fremme motsegn til planen. 

Eit motsegn betyr at planen ikkje kan godkjennast av kommunen, men blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd hvis den ikkje vert trekt.

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 25.09.2014

Kart over potensielle jord- og flaumskredområde

NVE har i år gitt ut aktsemdskart for jord- og flaumskred, som den tredje typen aktsemdskart for skred. Desse karta må inn i arealplanlegginga på lik linje med dei andre. Me håpar kommunane og andre etatar gjer seg kjent med desse karta. Jord- og flaumskred er knytt til nedbør, og er nyttige for grove skredfarevurderingar relatert til klimaendringane.


Publisert 28.11.2012

Mykje å lære av naturskadehendingar

Dersom kommunane følgjer regelverket, kan dei forhindre at mange av dei naturskadehendingane som har skjedd tidligare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.


Publisert 27.11.2012

Radon og elektromagnetiske felt

Fylkesmannen hadde fagseminar om radon og elektromagnetiske felt tysdag 5. april. Utgangspunkt for seminaret er at det er stor merksemd rundt radon og elektromagnetiske felt som høgspentlinjer, mobiltelefonar og trådlaust nettverk.


Publisert 26.11.2012

Nettstad om områder med skredfare

Skrednett samlar fakta og ekspertise frå skredfaglege miljø. På www.skrednett.no finn du oppdaterte oversyn over skredutsette område, risikonivå og data om alle typar skred for heile landet.


Publisert 06.11.2012

Handtering av havnivåstigning i kommunal planlegging

Rettleiaren "Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging" er no publisert. Føremålet er å gje råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe oversikt over risiko og sårbarheit knytt til havnivåauke, stormflo og bølgjer.


Publisert 13.10.2011

Mal for ROS-analyse i reguleringsplan

Det er laga ein mal for ROS-analyse i reguleringsplan til hjelp for dei som skal lage slik analyse, som ein kan laste ned frå nettsida her.


Publisert 05.11.2010

Nye retningslinjer for motsegn - samfunnstryggleik

Som følgje av den nye plan- og bygningslova har fylkesmannen fått nye retningslinjer for bruk av motsegn når det gjeld samfunnstryggleik i arealplanlegginga.


Publisert 16.07.2009

Nye aktsemdskart for steinsprang

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har nyleg lansert nye og landsdekkande aktsemdskart for steinsprang på www.skrednett.no. Aktsemdskart for steinsprang er den første kartserien i eit nasjonalt kartleggingsprogram, som også omfattar snøskred og jordskred.


Publisert 01.10.2008

Samfunnstryggleik i arealplanlegginga – ny rettleiar

Formålet med rettleiaren er å gi råd om korleis kommunen, anna offentleg forvaltning, tiltakshavarar og konsulentar osv. kan gå fram for skaffe seg ein oversikt over risiko- og sårbartilhøve i arealplanlegginga.


Publisert 17.07.2008

Nye retningslinjer for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag

Arealplanlegging som tar omsyn til flaum, erosjon og ras er det viktigaste virkemiddelet for å førebygge skader av slike hendingar. Kommunane bør så tidleg som mogleg i planlegginga skaffe seg oversikt over og kunnskap om fareområda. Arealbruk bør styrast utanom desse område. Alternativt må det inn føresegner som sikrar tilstrekkeleg tryggleik.