Tilsynskonferansen 2018
Tilsynskonferansen 2018 gjekk av stabelen den 8. november på Clarion Hotel Energy.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen vil takke alle dykk som deltok på konferansen og bidrog til å gjere dette til ei vellukka samling. Ein spesiell takk til alle som bidrog med innlegg på dagen. Det vart ein innhaldsrik dag der vi mellom anna fekk høyre om mange av dei ulike tilsyna og kontrollane som vart gjennomført i kommunane kvart år og om korleis ein jobbar for å organisere og gjennomføre desse. Vi fekk og viktig informasjon om ny kommunelov, og om korleis det vert jobba med å samordna dei statlege tilsyna med kommunane både på nasjonalt plan og her i Rogaland fylke. Sist men ikkje minst fekk vi tilbakemeldingar på ein kommune sine opplevingar med tilsyn.