Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering løyve anleggsarbeid i sjø - Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 9. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Bildøystraumen og Straumsundet i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband mes etablering av ny Rv 555 Sotrasambandet.
Publisert 06.10.2023
Kunngjering løyve til anleggsarbeid i sjø - etablering av landfall Yggdrasil prosjektet
Statsforvaltaren gav den 4. oktober 2023 løyve til anleggsarbeid i sjø for etablering av landfall i Samnanger og Fitjar kommune. Prosjektet skal forsyne Yggdrasil-området med straum frå det nasjonale straumnettet på land. Løyvet er gjeve til Aker BP.
Publisert 29.09.2023
Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Eidfjord
Eidfjord kommune fekk 4. september 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Sysendalen tettbygde område.
Publisert 29.09.2023
Kunngjering av løyve til mellombels utsleppsløysing i Eidfjord
Eidfjord kommune fekk 1. september 2023 løyve etter forureiningslova til mellombels utsleppsløysing for Sysendalen tettbygde område.
Publisert 07.09.2023
Kunngjering av løyve til mudring, dumping og utfylling i samband med bygging av Stad skipstunnel for Kystverket i Stad kommune
Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til tiltak i sjø i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket.
Publisert 07.09.2023
Kunngjering av løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel
Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket.
Publisert 05.07.2023
Løyve til asfaltfabrikk på Åsebø i Askøy
ADL asfalt AS har fått utsleppsløyve for asfaltverk på Åsebø / Askøy næringspark.
Publisert 04.07.2023
Atracco Bergen får løyve til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes
Atracco Bergen har 4. juli 2023 fått løyve etter forureiningslova til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.
Publisert 04.07.2023
Bergen Bildemontering AS får løyve til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes
Bergen Bildemontering AS har 4. juli 2023 fått løyve etter forureiningslova til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.
Publisert 28.06.2023
Kunngjering av løyve til graving i forureina grunn i Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 28. juni 2023 løyve etter forureiningslova til graving i forureina grunn i Øygarden kommune. Løyvet gjeld graving i samband med etablering av ny Rv 555 Sotrasambandet.
Kontaktpersoner
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65