Fagleg støtte til dei psykososiale kriseteama i kommunane i Midt-Norge
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, region Midt Norge (RVTS Midt) har fått eit ansvar for å følge opp og gi fagleg støtte til dei psykososiale kriseteama i regionen i samband med Korona-pandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For å betre oversikta og gjere det enklare å finne fagstoff, har dei fem RVTS’a i Norge gått saman om å lage ein felles nettportal som heiter Psykososial omsorg ved en pandemi. Denne vert drifta av RVTS-Øst. Nettadressa er psykososialberedskap.no. Her har dei produsert og samla materiale som kommunane kan ha nytte av. Alle kommunane har mottatt eit brev med meir informasjon om dette.
Nasjonalt kompetansenter for psykisk helse (NAPHA) har også mye informasjon på sine nettsider knytt til dei psykososiale utfordringane vi møter i samband med pandemien.
Lenke til nettsider og brev til kommunane ligg i høgremenyen.