Høyring - Grenseendring Langvatnet naturreservat
Fylkesmannen foreslår å redusere Langvatnet naturreservat, Tingvoll kommune, med ca. 4,2 daa. Formålet med endringa er å opne for ny vegtrasé for E 39.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.05.2014
Traséen vil kome innafor den eksisterande vernegrensa. I tillegg blir det gjort små, praktiske justeringar langs grensa elles. Endringa er ikkje vurdert til å skade verneverdiane. Grenseendringa vil ikkje føre til endringar i forskrifta for naturreservatet. Framlegget blir lagt ut på kommunehuset i Tingvoll kommune, i tillegg til på fylkesmannen si heimeside. Merknadsfrist er 17. juni 2014.