Søknad frå Pelagia Egersund Seafood AS om endring av løyve etter forureiningslova

Høyringsfrist:
29. mai 2017 23:00

Pelagia Egersund Seafood AS har søkt Fylkesmannen om endring av sitt løyve til fiskeforedling etter forureiningslova. Verksemda har søkt om å endre løyvet til å omfatte ein årleg produksjon av inntil 50.000 tonn rundpakket pelagisk fisk, 15.000 tonn filet, 10.000 tonn matjes og 2.000 tonn rogn.

Publisert 25.04.2017

Verksemda er lokalisert på eigedomen 8/393 på Kaupanes, Eigersund kommune.

Frist for uttale er sett til 29. mai 2017. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn i lenkja i høgremargen.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.