Melderutinar for å sikre skole – og opplæringstilbod for barn og unge som blir plassert med heimel i barnevernlova
Barn og unge som bur i barneverninstitusjon, fosterheim eller omsorgssenter for mindreårige, har rett til eit like godt skole- og opplæringstilbod som barn og unge som bur heime.
Barnevern- og skolemynde har eit felles ansvar for å sørgje for at barn og unge får det skole- og opplæringstilbodet dei har rett og plikt til. Derfor må rett skolemynde varslast når eit barn blir plassert utanfor heimen etter barnevernlova. Kommunal barnevernteneste må melde flytting med ein gong det er bestemt kor barnet skal plasserast.
14.03.2019