Separasjon og skilsmisse

Oppdatert 20.12.2023

Ektefeller som ønskjer å gå frå kvarandre, kan søkje digitalt om separasjon og skilsmisse. Statsforvaltaren behandlar søknaden.

Ønskjer du å skiljast, må du først søkje om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. 

Du kan velje å sende inn søknaden digitalt, eller fylle ut eit papirskjema. Digital søknad hentar automatisk nødvendige opplysningar, og gjer det raskare å fylle ut søknaden. 

Dersom du allereie er skilt eller separert og berre treng dokumentasjon på dette, kan du klikke her for å bestille kopi av løyvet

Vis meir


Publisert 18.01.2016

Færre separasjonar, men nokon fleire skilsmisser i 2015

Tala for separerte viser ein nedgang på 7 %, medan 8 % fleire skilde  seg i 2015, samanlikna med året før.


Publisert 22.01.2015

Færre skilsmisser, men fleire separasjonar i 2014

Tala for skilde viser ein nedgang på 10 %, medan 5 % fleire separerte seg i 2014, samanlikna med året før.


Publisert 10.01.2014

Liten auke i skilsmisser og separasjonar i Rogaland

Tala for skilde auka med 6 % medan  2 % fleire separerte seg i 2013 samanligna med året før.