Kommuneøkonomi

Oppdatert 02.01.2023

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.03.2017

Betre resultat i kommunane enn landet også i 2016.

Førebels KOSTRA-tal for 2016 viser at kommunane i fylket under eit hadde et netto driftsresultat på 4,8 % av sum driftsinntekter, mot 4,0 % for landet ekskl. Oslo.


Publisert 02.03.2017

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2017

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Midlane vil bli tildelt av restramma på 6,6 mill. kr som er tenkt skal gå til dette formålet i hovudsak. Søknadsfristen er 2. mai.


Publisert 28.02.2017

Lågare folketilvekst i 2016

I 2016 som året før auka folketalet i Rogaland mindre enn landet. Tidlegare har det vore ein lang periode med større vekst enn landet.


Publisert 23.02.2017

Svært god skatteinngang i landet, svakare i Rogaland.

Når mange kommunar nå melder om gode resultat for 2016, er ei viktig forklaring at 2016 var eit svært godt skatteår. Kommunane i Rogaland hadde  svakast skattevekst av fylka i fjor, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.


Publisert 26.01.2017

Skjønstilskot til språkdeling 2017

Fylkesmannen har fordelt  9,4 mill. kr av skjønsramma for 2017 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.


Publisert 27.10.2016

Orientering om skjønstildelinga for 2017

I rammetilskotet til kommunane (kap. 571), jf. Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2017.


Publisert 26.10.2016

Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2015

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2015.


Publisert 24.10.2016

Bra skattevekst i landet, svakare i Rogaland

Skatteinngangen ved utgangen av september viser ein vekst på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for kommunane i Rogaland.


Publisert 19.10.2016

Kommuneopplegget for 2017 - tilleggsinformasjon

Vi får spørsmål om nærare spesifikasjon av  ein del element som ligg i kommuneopplegget, dvs. kommunevise beløp for oppgåvekorreksjonane som ligg i vekstberekningane og kor mykje dei ulike satsingane i frie inntekter utgjer for kvar kommune.


Publisert 18.10.2016

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Kommunane kom relativt gunstig ut resultatmessig i 2015, men lånegjelda nærmar seg landsnivået.