Statsbudsjettet for 2023
Regjeringa la i dag, 6. oktober 2022, fram forslag til statsbudsjett for 2023 (Prop. 1S 2022-2023). Vi gir her eit samandrag av kommuneopplegget, viktige lenkjer og nyttige regneark frå "Grønt hefte" for kommunane i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På statsbudsjettet.no finner du alle dokumenta og pressemeldingane frå departementa. Særleg aktuelle er KDDs budsjettforslag og «Grønt hefte», den berekningstekniske dokumentasjonen som viser fordeling av rammetilskotet for den enkelte kommune.
Bruk gjerne fylkesoversikten for å finne samla informasjon om regjeringa sine foreslåtte tiltak og satsingar per fylke, saman med informasjon om økonomi og nøkkeltal for kommunane.
Betydeleg inndekkingsbehov i statsbudsjettet
I 2023 vil staten sine utgifter vekse betydeleg meir enn staten sine inntekter frå fastlandsøkonomien. Det er derfor eit stort inndekkingsbehov i statsbudsjettet. Staten må finne rom for ei stor auke i utgiftene til mellom anna folketrygda og flyktningar. I forslaget til statsbudsjett trekk regjeringa særleg fram prioritering av forsvar, kommunane og straumstøtte. Hovudmålet med budsjettet er å bidra til å få kontroll på den kraftige prisauken, skape tryggleik for folk sin økonomi og arbeidsplassar, samt å utjamne sosiale og geografiske forskjellar.
Kommuneøkonomien - godt rusta, men variasjonar
2021 blei eit spesielt år. Det var ein høg meirskatteauke som blei over 18 mrd. kroner høgare enn det som vart lagt til grunn i nasjonalbudsjettet for 2022. I tillegg blei kostnadsauken knytt til demografi og pensjon lågare enn budsjettert. Mange kommunar fekk gode netto driftsresultat og bygde store disposisjonsfond som følgje av høgare inntekter og lågare kostnadar. Nasjonalt er det samstundes noko variasjon mellom kommunane. Rundt 12 prosent av kommunane hadde i 2021 eit negativt driftsresultat. I tillegg er det nokre kommunar som har lite eller ingen disposisjonsfond.
I Rogaland har dei fleste kommunane solide disposisjonsfond som følgje av ansvarleg økonomistyring. Ingen av kommunane i Rogaland er i ROBEK.
Uvanleg høg kostnadsauke i 2022
Samla sett er inntektene i 2022 reelt om lag 1 mrd. kr lågare enn anslått i saldert budsjett for 2022. Det er da tatt omsyn til meirskatteauke i 2022 og anslaget for kostnadsauke i 2022.
Den sterke kostnadsauken som har vore i 2022 påverkar i stor grad kommunesektoren. Det er anslått at den kommunale deflatoren har auka i frå 3,7 prosent i det revidertet nasjonalbudsjettet for 2022 til 5,3 prosent i nasjonalbudsjettet for 2023. Denne kostnadsauken inneber at kommunesektoren sine inntekter reelt går ned med 7,1 mrd. kroner etter revidert nasjonalbudsjett for 2022. Samstundes er det anslått at kommunesektoren sine skatteinntekter knytt til inntekt og formue vil vere 2,4 mrd. kroner høgare enn anslått i revidert nasjonalbudsjett for 2022. Dette damper inntektsnedgangen i 2022 noko.
Kommuneopplegget 2023
Det har vore ein sterk auke i dei anslåtte demografikostnadane etter det reviderte nasjonalbudsjettet blei lagt frem. Denne auka er hovudsakleg ei følgje av flyktningar frå Ukraina.
Regjeringa legg opp til ein realauke i frie inntekter på om lag 2,6 mrd. kroner. Dette fordelar seg på om lag 1,7 mrd. kroner på kommunane og 0,9 mrd. kroner på fylkeskommunane. Med denne auka i frie inntekter blir dei anslåtte demografikostnadane dekt.
Kommunane tek med seg ein betydeleg del av kostnadsauken frå 2022 inn i 2023. Mange kommunar har eit godt utgangspunkt og disposisjonsfond dei kan trekke på. Andre kommunar vil stå ovanfor ei krevjande omstilling for å vere i økonomisk balanse.
Kommunal deflator i 2022 og 2023
For 2022 er kostnadsauken oppjustert frå 3,7 prosent i revidert nasjonalbudsjett for 2022 til 5,3 prosent per no (anslaget er usikker). Dette er på grunn av høg prisauke.
For 2023 er den anslåtte kommunale deflatoren 3,7 prosent. Ï dette anslaget er det tatt omsyn til at kommunane ikkje mottar straumstøtte. Regjeringa legg opp til å dekke den anslåtte generelle kostnadsauken for budsjettåret 2023 gjennom auke i overføringane til kommunane.
Skattøren 2023
Den kommunale skattøren angje korleis prosentdel av skatt på alminneleg inntekt for personlege skatteyterar som går til kommunesektoren. Det har i lang tid vore praksis for at skattøren fastsettast med sikte på at skatteinntektene skal utgjere 40 prosent av kommunens samla inntekter.
Då gjeldande skatteører ville gitt for låg skattedel i 2023 er det foreslått å auke den kommunale skatteøren med 0,2 prosentpoeng til 11,15 prosent, og den fylkeskommunale skatteøren med 0,05 prosentpoeng til 2,45 prosent.
Med denne auken er det anslått at kommunesektorens inntekter frå skatt på inntekt og formue vil utgjere 241,1 mrd. kroner i 2023. Dette er ein nominell reduksjon på om lag 5 prosent frå 2022. Reduksjonen må mellom anna ses i samanheng med dei midlertidige høge skatteinntektene i 2022, pga tilpasningar til endra skatt på utbytte.
Store kraftinntekter - konsekvensar for kommunesektoren
Dei høge straumprisane gjev ein vesentleg høgare verdi på konsesjonskrafta. Regjeringa legg opp til at noko av desse meirinntektene skal delast med fellesskapet. Dette gjeld også fleire kommunar og fylkeskommunar, både som eigarar av kraftverk og som mottakarar av konsesjonskraft.
Verdien av konsesjonskrafta i områda med høge straumprisar (Aust-, Sør- og Vestlandet) er anslått til 13 mrd. kroner i 2022 og 11 mrd. kroner i 2023, mot 4 mrd. kroner i 2021.
Regjeringa foreslår ein eittårig reduksjon i rammetilskotet på til saman 3 mrd. kroner for kommunar og fylkeskommunar som har konsesjonskraftinntekter og som ligg i områda med høgast straumprisar. Kraftområda Nord og Midt er unnateke. Dette vil gje ein reduksjon i rammetilskotet til kommunane med 2,2 mrd kroner og til fylkeskommunane 0,8 mrd. kroner.
Trekket i rammetilskotet er ikkje klart når statsbudsjettet leggast fram, men vil vere fordelt før året er omme. Fordelinga av trekket vil i utgangspunktet bli basert på kommunane og fylkeskommunane sin del av total mengde konsesjonskraft i dei aktuelle prisområda, verdsett til forventa marknadspris.
For å få ei meir rimeleg fordeling vil regjeringa frem til 1. desember gi kommunane høve til å rapportere inn disponering av krafta, under deette dersom juridisk bindande kontraktar reduserer verdien av konsesjonskrafta som kan realiserast. Basert på innsendt informasjon vil regjeringa fastsette den endelege fordelinga.
Høgprisbidrag og auka skatt for kraftverk
Det blir óg konsekvensar for kommunane som eigarar av kraftverk:
Høgprisbidrag
Regjeringa foreslår eit høgprisbidrag på vass- og vindkraftproduksjon frå 1.januar 2023. For store vasskraftverk (dei som i dag er grunnrenteskattepliktige) vil likevel høgprisbidraget gjelde fra og med 28.september 2022. Høgprisbidraget skal utgjere 23 prosent av pris over 70 øre per kilowattime (kWh). Utgangspunktet er at høgprisbidraget blir basert på faktiske prisar og at all produksjon i kraftverket er omfatta av bidraget. Høgprisbidraget blir anslått å gi 23,6 mrd. kroner i ekstra bokførte inntekter i 2023.
Grunnrenteskatt
Regjeringa foreslår å auke den effektive grunnrenteskattesatsen på vasskraft frå 37 prosent til 45 prosent med verknad frå og med 2022 (bokførast i 2023). Forslaget vil auke handlingsrommet på 2023-budsjettet med om lag 11,2 mrd. kroner. Ei varig auke i grunnrenteskattesatsen blir forventa å gi auka inntekter på statsbudsjettet i mange år framover. Små vasskraftverk (under 10 000 kVA) betaler ikkje grunnrenteskatt og blir derfor ikkje påverka av forslaga.
Grunnrente på havbruk og vindkraft
Regjeringa foreslår å innføre grunnrenteskatt på landbaserte vindkraftverk og på havbruk (oppdrett av laks, aure og regnbogeaure) frå 2023, med ein effektiv sats på 40 prosent. Forslaget om grunnrentesats på havbruk er sendt på høyring med frist 4. januar 2023, mens forslaget om grunnrentesats på vindkraft vil bli sendt på høyring innan utgangen av året.
Regjeringa legg opp til at halvparten av inntektene frå grunnrenta skal gå til kommunesektoren. Skatten krevjast inn av staten f.o.m. 2023, men vil bli fordelt ut til kommunesektoren først f.o.m. 2024. Totalt er dette anslått å utgjere rundt 3,1-3,2 mrd. kroner til kommunesektoren i 2024. Alle kommunar og fylkeskommunar vil få inntekter frå grunnrenta, men vertskommunar vil få ein større del.
Kommunesektorens inntekter er tredelt:
-Ein produksjonsavgift, som vil gå direkte til vertskommunane (og for havbruk vil noko av avgiften òg gå til vertsfylkeskommunane). Denne er estimert til 750 mill. kroner for havbruk og 334 mill. kroner for vindkraft.
-Ein naturressursskatt, som vil gå inn i inntektsutjamninga til kommunane og fylkeskommunane. Denne er estimert til 750 mill. for havbruk og 217 mill. for vindkraft.
-Ei ekstraløyve, som vil gå inn i rammetilskotet. Denne skal sikre at kommunesektoren får den fastsette delen av grunnrenta på 50 pst. Denne er estimert til 325-400 mill. kroner for havbruk og 700 mill. kroner for vindkraft.
Produksjonsavgifta og naturressursskatten sørger for stabile inntekter, sjølv i år med låg grunnrente. Samstundes gjer ekstraløyva at kommunesektoren tek del i oppsida i år med høg grunnrente.
Skjønnstilskot til kommunane for 2023
Total skjønnsramme for kommunane er 950 mill. kroner. Basisramma er på 800 mill. kroner. Dette er 50 mill. kroner mindre enn basisramma for 2022. Kuttet i basisramma er gjort ved et likt kutt i kroner per innbyggar i alle embeta sine skjønnsrammer.
Kommunane i Rogaland er av disse midlane tildelt ei skjønnsramme på 53,5 mill. kroner. Vi vil legge ved eit brev til denne artikkelen som fortell om bakgrunnen for fordelinga av 38,5 mill. kroner i ordinært skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2023. Fordelinga kommer også fram av Grønt hefte tabell 1-k. Resten av skjønnsramma er heldt tilbake til seinare fordeling.
Ressurskrevjande tenester
Kompensasjonsgraden er uendra på 80 prosent. Innslagspunktet auker frå 1 470 000 kr til 1 526 000 kr.
Skatteanslag
Skatteanslag på formue og inntekt for primærkommunane samla:
2022: 199 780 kr 2023: 200 750 kr
Koronakompensasjon
For 1.halvår 2022 har ei arbeidsgruppe kartlagt dei økonomiske konsekvensane for kommunesektoren. Arbeidsgruppa leverte sin rapport i månadsskiftet august-september. Dei fann at meirutgiftene og inntektsbortfallet var på 8,8 mrd. kroner.
Stortinget har bede regjeringa komme tilbake til saken i nysalderinga av 2022-budsjettet. Dette vert lagt fram i november.
Regjeringa har funnet rom for viktige satsingar
Barn og unge:
- Reduserer maksprisen i barnehagen til 3000 kroner per månad frå 1. januar 2023.
- Innfører gratis med barnehage for det tredje barnet i ein familie der barna går i barnehagen samtidig.
- Styrker tilskotet til barn og unge i barne- og familiedepartementet sitt budsjett med 96 mill. kroner.
- Styrker tilskotet til helsestasjons- og skolehelsetenesten i helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett med 45 mill. kroner.
Fergje:
- Innfører gratis fergjer på fergjesamband med under 100 000 passasjerar årleg, og på samband til øyer og andre stader utan vegsamband til fastlandet.
- Reduserer fergjetakstane ytterlegare 20 prosentpoeng frå midten av august 2023.
- Fylkeskommunane vil få 174,3 mill. kroner til ordninga med gratis fergje i 2023. Kompensasjonen inkluderer både ei videreføring av dagens ordning med gratis fergje, og utvidinga av ordninga frå midten av august neste år. Det er fylkeskommunane som skal vurdere om og korleis ein kan innføre gratis fergje på det enkelte samband, ut frå dei lokale forholda.
I tillegg kommer regjeringa med satsingar på allmennlegetenesta, breiband og områdesatsing m.m.