Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.
Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.
Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang.
Internt satsingsområde
Kommunebilete og kommunedialog er eit internt satsingsområde i embetet i 2022. Det er organisert ei arbeidsgruppe med representantar frå alle avdelingane som arbeider i eit nytt system med å få fram embete sin samla kunnskap om kommunane i Rogaland.
Denne sida vert også nytta til å legge ut saker og informasjon om kommunestruktur, kommunegrenser og inndelingslova, som til dømes ved spørsmål om grensejusteringar.
Tidlegare har denne sida vert nytta i samband med kommunereforma.