Tilskot til kommunesamarbeid kring barnevernreforma
Fylkesmannen lyser ut 200 000 kroner til kommunar i Rogaland til kommunesamarbeid om barnevernreforma.
Barnevernreforma trer i kraft i 2022. Målet med reforma er mellom anna å styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging, tilpasse hjelpen betre til barn og familiar sine behov, ivareta rettstryggleiken til barn og familiar og nytte ressursane annleis.
Reforma vil difor få følgjer for alle tenestene i kommunen som er retta mot barn og unge og ikkje berre for barnevernet.
13.10.2020