Landbruksforvaltning
Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.
Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland
Fylkesmannen inviterer den kommunale landbruksforvaltninga i Rogaland til fagsamling 22.–23. mai 2019. Samlinga vil i år finne stad på Haugalandet.
Publisert 04.01.2019
Meld deg på årets landbrukskonferanse i Rogaland
Nå er endeleg program for landbrukskonferansen 18. mars 2019 på plass, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Konferansen er aktuell for alle som er opptekne av framtida for landbruket. Meld deg på nå så er du sikra plass.
Publisert 21.12.2018
Fylkesmannen avslo konsesjon for erverv av gardsbruk
Hjelmeland kommune gav konsesjon for erverv av gardsbruk i Vormedalen. Omsynet til drifta og ressursforvaltninga tilseier at eigaren må bu på garden frå ervervstidspunktet. Fylkesmannen gjorde derfor om kommunen sitt vedtak om konsesjon med utsett buplikt.
Publisert 21.12.2018
Korleis står det til med tilskotsforvaltninga i Rogaland?
Landbruksdirektoratet har gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og greie ut kva som er dei største utfordringane når det gjeld utbetaling av tilskot, likebehandling og kompetanse. For å kunne gi eit svar på dette utarbeidde Fylkesmannen i Rogaland ei spørjeundersøking som blei sendt til landbruksforvaltninga i kommunane.
Publisert 17.12.2018
Over 63 millionar er utbetalt i erstatning
Fylkesmannen har snart behandla ferdig alle søknadene om avlingsskadeerstatning. Det er sendt inn 857 søknader i Rogaland, av desse er 761 utbetalt. Vi satsar på å vere ferdig med alle sakene i løpet av veka.
Publisert 05.10.2018
Plenproduksjon kan ikkje vere styrande for konsesjonspris
Dette er konklusjonen i ei konsesjonssak i Sandnes. Sandnes kommune nekta konsesjon ut frå prisomsyn i ei sak der føremålet med kjøpet var plenproduksjon. Utgangspunktet for avkastningsverdi er det som er vanleg jordbruksproduksjon i området. Dette sikrar ei forsvalig prisutvikling.
Publisert 10.08.2018
Møte om avlingssvikt og søknader om erstatning
Fylkesmannen inviterer tilsette i kommunal landbruksforvaltning til eit møte onsdag 15. august 2018, kl. 12.30-14.30 i Møterom 1, Statens hus, Stavanger.
Publisert 21.06.2018
Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt
Sel du jordbær eller anna frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal!
Publisert 23.04.2018
Vellukka gjennomført kurs i landbruksrett
Landbruksforvaltninga frå fem fylke var på kurs i landbruksjuridiske emne i Bergen førre veke. Kurset gav fordjuping i mellom anna jord-, konsesjons-, forvaltningslova og avtalerett.
Publisert 10.04.2018
Nyttig dialogmøte med kommunestyret i Strand 21. mars 2018
Fylkesmannen var invitert til dialogmøte med kommunestyret i Strand knytt til arealbruk og dispensasjonar. Det er vår vurdering at møtet var nyttig for politikarar i kommunen, det var også nyttig for oss å bli utfordra på kor lista skal leggjast når det gjeld nasjonale og regionale omsyn. I dette ligg også respekten for det lokale sjølvstyret.