Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 15. september til 15. oktober. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2013

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.01.2016

Søk om prosjektmidlar til klima- og miljøtiltak før 15. mars

Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 550 000 til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima - og miljøområdet.


Publisert 04.08.2015

No kan du søkje regionalt miljøtilskot

No er det tid for å søkje tilskot frå Regionalt miljøprogram i Rogaland. Du kan levere søknaden elektronisk via Altinn, eller på papir til landbruksforvaltninga i din kommune. Siste frist er 20. august.


Publisert 17.06.2015

Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram

Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram 2015 er no klart. Vi ber søkjarane merke seg at søknadsfristen er flytta fram til 20. august.


Publisert 10.03.2015

Årsrapport SMIL/drenering 2014 og satsing i 2015

Tilskot til spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) er øyremerka aktive bønder som gjer ein ekstra innsats for å ivareta miljøverdiane i eit kulturlandskap. Tilskot til drenering skal halde jorda i hevd for å sikre jamn auke i matproduksjonen.


Publisert 17.02.2015

RMP tilskot blir utbetalt 25. februar

Tilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP vil bli utbetalt 25. februar. I Altinn finn du tilskotsbrevet som viser tilskotsbeløp, godkjende tiltak, og endelege tilskotssatsar.


Publisert 02.02.2015

Prosjektmidlar til klima- og miljøtiltak

Frist for å søkje om regionale midlar til klima- og miljøtiltak er 13. mars. Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 600 000 til fordeling til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar.


Publisert 23.01.2015

Tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing blir no utvida

Fleire bønder vil no kunne søkje tilskot til bruk av miljøvenleg utstyr til spreiing av husdyrgjødsel. Nytt er at det kan søkjast tilskot i Tysvær kommune for areal som drenerer til Skjoldafjorden, samt at heile kommunane: Randaberg og Sola, Klepp, Time og Hå no er inkludert.


Publisert 16.01.2015

Endelege tilskotssatsar i RMP 2014

Fylkesmannen har no i samråd med prosjektgruppa for Regionalt miljøprogram i Rogaland sett dei endelege tilskotssatsane for 2014.


Publisert 05.08.2014

No kan du søkje miljøtilskot elektronisk

Frå 1. august kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot elektronisk. Det gjer du på Altinn. Søkte du i fjor vil du få spørsmål om å gjenbruke kartteikningane. I år blir det dermed enklare å søkje elektronisk.


Publisert 23.06.2014

Søk om regionalt miljøtilskot i 2014

Søknadsmateriell for søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram i 2014 er no klart. Merk at det i år ikkje vil bli sendt ut papirsøknadar.