Nå er endeleg program for jordvernkonferansen i Haugesund ferdig, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Samlinga er aktuell for mange, og særleg for dei kommunar som nå står føre arbeid med revisjon av kommuneplanen.
01.09.2017
21. oktober kjem Bondens Marked igjen til Rogaland og Stavanger. Er du produsent av grønsaker, ost, bær, bakst, honning eller noko anna, så er dette staden for å teste varene og få kunderespons.
31.08.2017
Denne fristen gjeld spreiing utan nedmolding. Det er kommunen som kan gje utsett frist.
30.08.2017
Fylkesmannen gjennomfører vedlikehaldskontroll av skogsbilvegar som har mottatt statstilskot. I alt 7 skogsbilvegar er plukka ut for kontroll i haust fordelt rundt om i fylket.
22.08.2017
Vi har motteke statusrapport frå Innovasjon Norge, der det kjem fram at 76 % av midla er løyvd til prosjekt utanom Jæren. Det har vore stor etterspurnad etter midlar og er løyvd 47 millionar til 103 prosjekt. Om lag 10 % av midlane er løyvd til fruktsatsing. Det er lite etterspurnad etter midlar knyta til nye landbrukstilknytta næringar.
17.08.2017
Veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Dei kan vere med i konkurransen om BU-prisen der vinnaren får heile 300 000 kroner.
15.08.2017
Lange periodar med nedbør og blaute beite kan gjere det vanskeleg å oppfylle kravet til beitetid i det generelle beitetilskotet. Fylkesmannen kan dispensere frå kravet, men berre i heilt spesielle tilfelle. Vi anbefaler å vente til oktober med å søkje dispensasjon.
Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er på nytt utsett på grunn av alt regnet. Utkøyring av husdyrgjødsel på vassmetta jord gir fare for overflateavrenning, og Fylkesmannen finn det rett å utsette fristen slik at gjødslinga kan skje under meir laglege forhold.
14.08.2017
Onsdag 21. juni blei det bestemt at det skulle bli gjort endringar i blant anna arealgrensa for konsesjonsplikt og buplikt, og reglane for priskontroll, som no er trått i kraft. Under følger ei oversikt over endringane. I høgre marg finn du dei nye rundskriva.
11.08.2017
I overkant av 100.000 sau og lam frå Rogaland er på heiabeite i 46 ulike beitelag. Beitelaga får 20 kr pr heimsanka dyr i regionalt miljøtilskot, og dei kan få investeringstilskot til mellom anna sperregjerde, bruer, sankehegner.
07.08.2017
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale tildelte 1. august 2017 Den nasjonale kulturlandskapsprisen til bøndene på Kvitsøy. Dei får prisen for god skjøtsel og forvaltning av kulturlandskapet, først og fremst gjennom aktiv beite med sau på dei mange øyane.
01.08.2017
Det er ingen automatisk rett å erstatte gamle hus på landbrukseigedomar med nye dersom det ikkje er behov for huset i gardsdrifta. Settefylkesmann gir Fylkesmannen i Rogaland medhald i klagesak og seier nei til oppføring av nytt bustadhus på gardsbruk i Rennesøy.
25.07.2017