Statsforvaltaren er bindeledd mellom staten og kommunane, og har eit særskilt ansvar for å samordne og føre tilsyn med arbeidet med samfunsstyggleik i fylket. Statsforvaltaren skal vere pådrivar og rettleia kommunane i det førebyggande arbeidet, og har også ei koordinerande rolle under kriser.
Regional beredskap
Samfunnstryggleik er sektorovergripande, og kan ikkje handterast i ein sektor eller på eitt forvaltningsnivå. Arbeidet må koordinerast og samordnast mellom sektorar og mellom styresmakter på lokalt, regionalt og sentralt nivå.
Ferske tal om endring av havnivå i Rogaland
Ei stormflo i år 2100 vil kunne bli omkring 2 meter over dagens havnivå i Rogaland. For første gong kan ein nå presentere tal for havnivåstigninga langs kysten av Noreg. Kommunane må ta omsyn til denne kunnskapen i deira arealforvaltning.