Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 19.08.2015

Tilråding om frivillig vern av sju skogområde

Forslaget gjeld eit areal på totalt 61 417 dekar.


Publisert 08.06.2015

Hove Tri får dispensasjon i Raet landskapsvernområe

Tillatelsen gjelder for lørdag 13. og søndag 14. juni.


Publisert 04.05.2015

10-års jubileum for frivillig skogvern

Ordningen har vært en suksess.


Publisert 30.04.2015

Høyring av forslag for tre naturreservat – frist er 19. juni

To område ligg i Åmli og eitt i Froland og Birkenes.


Publisert 20.04.2015

Dronetelling av sjøfugl i Lille-Danmark naturreservat i Grimstad

Fylkesmannen har gitt dispensasjon for bruk av drone i 2015.


Publisert 20.04.2015

Forvaltningsplan Kalvøya–Ytre Tronderøya og Risøya reservater i Lillesand

Vi ønsker innspill til planen innen 29. mai 2015.


Publisert 16.04.2015

Film om Ålegress – en regnskog under vann

"Økt kompetanse ga oss lokalt selvstyre tilbake" sier ordfører.


Publisert 11.03.2015

Oppstart med vern av skogsområde i Birkenes og Froland

Langebergheia-Mannfallnuten er tilbudt staten ved frivillig vern.


Publisert 26.02.2015

Oppstart av frivillig vern for tre skogområde i Åmli og Valle

Fylkesmannen inviterer til samarbeid - kom gjerne med innspel innan 30. mars.


Publisert 08.01.2015

Tre nye verneområder er sikret for framtida

Vågsdalsliane og Grøneliane  i Birkenes og Rubbelifjell i Åmli er vernet som naturreservat.