Barnehage

Oppdatert 17.11.2023

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 13.06.2019

VÅG Å SE - VÅG Å HANDLE!

Våg å se - våg å handle! Likestillingssenteret, Gudbrandsdal krisesenter IKS, Hamar interkomunale krisesenter og Fylkesmannen i Innlandet tilbyr kurs om vold og overgrep mot barn og unge. 


Publisert 26.03.2019

Rammeplan for barnehage - Webinar

Webinarer fra Utdanningsdirektoratet til støtte og inspirasjon i arbeidet med implementering av rammeplan for barnehagen.


Publisert 08.02.2019

Mat og måltider i barnehagen

Retningslinjer for mat og måltider i barnehage er nå revidert i henhold til Rammeplan for barnehagen og Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017-2021)


Publisert 07.09.2018

Oppfyller din barnehage bemanningsnormene?

Barnehagene må innfri ny bemanningsnorm innen 1. august 2019, og skjerpet pedagognorm fra 1. august 2018. For å hjelpe barnehager og barnehageeiere med å beregne hvordan de ligger an for å oppfylle normene har Utdanningsdirektoratet utviklet en barnehagekalkulator.