Barnevern

Oppdatert 03.03.2023

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.10.2019

Nær 80 millionar kroner til stillingar i barnevernet

I 2019 har Fylkesmannen i Vestland betalt ut 79 454 878 kroner i tilskot til det kommunale barnevernet. Dette finansierer i alt 109,5 stillingar i Hordaland og Sogn og Fjordane.  


Publisert 06.09.2019

Nytt samtaleverktøy styrker barn si stemme

Eit nytt samtaleverktøy for barn og unge i barnevernsinstitusjonar skal gjere det lettare for barn å formidle korleis dei har det.


Publisert 06.09.2019

Slik finn du status for det kommunale barnevernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeidd ein kommunemonitor på barnevernsfeltet som gjer relevant styringsinformasjon lett tilgjengeleg for kommunar, barneverntenester og andre som er interesserte i status for det kommunale barnevernet.


Publisert 04.09.2019

Korleis skal barnevernstenesta gå fram når dei mottek bekymringar for barn som ikkje er namngjevne?

Når barnevernstenesta får informasjon om bekymring for eit barn som ikkje er namngjevne, har dei ei plikt til aktivt å følgje opp bekymringa for å identifisere barnet.


Publisert 21.08.2019

Kommunar undersøker ikkje alvorlege bekymringsmeldingar om vald og overgrep mot barn grundig nok

Vi fann alvorlege avvik i barneverntenesta sitt arbeid med meldingar og undersøkingar som gjeld mistanke om vald og seksuelle overgrep i kommunane Tysnes og Austevoll.


Publisert 05.08.2019

Svar på høyring om forslag til ny barnevernslov

Fylkesmannen i Vestland har gitt høyringsfråsegn til Barne- og familiedepartementet sitt forslag til ny barnevernslov.


Publisert 02.08.2019

Barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land

Kva reglar gjeld i barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land?


Publisert 05.07.2019

Unge får ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Voss

Fylkesmannen har slått fast at unge som har kontakt med Nav Voss ikkje alltid får forsvarlege sosiale tenester, slik dei har rett til etter sosialtenestelova.


Publisert 14.03.2019, Sist endra 08.11.2022

Nye flyttemeldingsskjema for barn i barnevernet

Skatteetaten har laga nye flyttemeldingsskjema som barnevernet skal bruke i saker der flytting av barnet skjer etter vedtak frå barnevernet. Dei vil vere enklare å bruke, sikrare og gjev barna betre vern.


Publisert 28.02.2019

Barnevernsinstitusjonar bør tydeleggjere roller og ansvar i samband med legemiddelhandtering

Det er store variasjonar i legemiddelhandteringa ved institusjonane og i kva grad det er utarbeidd rutinar for arbeidet. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er i gang med å utarbeide nasjonale rutinar for legemiddelhandteringa som dei tilrår alle institusjonar å implementere.