Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 14.12.2023

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.01.2020

Elevar kan få tospråkleg opplæring i fag på nett

Kommunar som ikkje klarer å tilby tospråkleg fagopplæring i arabisk, somali og tigrinja kan søkje om sanntidsopplæring gjeve av nettlærarar.


Publisert 09.01.2020

Oppmannsrapportar skriftleg eksamen i grunnskulen 2019

Rapportane kan vere nyttige i arbeidet med å førebu elevar og faglærarar framfor årets eksamen i mai.


Publisert 19.12.2019

Oppdatert grunnskulestatistikk for Hordaland og Sogn og Fjordane

Det er nedgang i tal elevar i grunnskulen, men det er fleire årsverk i skulane grunna styrking av tidleg innsats på dei første årstrinna.


Publisert 12.12.2019

Hugs å gjennomføre Elevundersøkinga før jul

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får høve til å sei si meining om læring og trivsel i skulen. Svara vert brukt av skulen, kommunen og staten for å kunne betre skulemiljøet for elevane.


Publisert 18.11.2019

Nasjonale prøver 2019

Gjennomsnittstala for Hordaland og Sogn og Fjordane fylke er positive og stabile over tid. Men går vi bak tala og ser på resultata til jenter og gutar, er det nokre interessante skilnader. 


Publisert 04.11.2019

Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring

Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.


Publisert 14.10.2019

Kompetansepakke for innføring av nytt læreplanverk er lansert

Opplæringsmateriellet skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk, tolke og forstå det nye læreplanverket.


Publisert 07.10.2019

Straks nye læreplanar for grunnopplæringa

Skulane bør sette seg inn i og drøfte overordna del av læreplanane. Dette fordi den omtalar grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa i åra framover.


Publisert 29.08.2019

Karakterstatistikk for grunnskulen

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2019, er offentleggjorde. Avgangselevane i landet samla fekk i år 0,2 poeng meir enn dei som gjekk ut i fjor. Elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland ligg over landssnittet.


Publisert 07.08.2019

Framleis mogleg å melde inn kandidatar til Dronning Sonjas skulepris

Fristen er 16. august 2019.