Oppstart av Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Kompetanseløftet skal bidra til at alle barn og unge har tilgang til faglig dyktige lærarar og andre med spesialpedagogisk kompetanse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2021

Oppstartskonferanse

Oppstartskonferansen for Kompetanseløftet blei gjennomført 18. februar. Her vart bakgrunnen og føremålet med ordninga presentert, saman med innlegg frå aktørar i ordninga og andre faglege innlegg. I høgre marg finn de lenkje til konferansen.

Kort om målgruppa

Målgruppa for ordninga er tilsette i PP-tenesta, andre tverrfaglege tenester i kommune og fylkeskommune, barnehage- og skuleeigarar og tilsette i barnehage og skule.

Korleis kan midlane best nyttast i 2021?

Midlane kan nyttast til kollektive kompetansetiltak for målgruppa på kommunalt nivå og/eller på barnehage- og skulenivå. Det er mogleg å nytte midlar no i oppstarten av ordninga til vurdering av behov og planlegging av tiltak. I tillegg er det høve til å nytte ein avgrensa del av midlane til koordinering.

Tildelinga for 2021

Vestland er tildelt om lag 5,3 millionar kroner til Kompetanseløftet i 2021 av den samla tildelinga på 50 mill. kroner. Tildelinga er planlagt å auke fram til 2025.

Korleis blir midlane fordelt

Søknad om deltaking i Kompetanseløftet går via dei regionale nettverka i fylket. Samarbeidsforum for Regional ordning (Rekomp) og desentralisert ordning (Dekomp) prioriterer framlegga til tiltak og lagar er innstilling til korleis midlane skal fordelast og nyttast. På bakgrunn av denne innstillinga fattar Statsforvaltaren vedtak og tildeler midlane. Vi har 23. februar sendt ut meir informasjon om dette til alle kommunar og aktørane i samarbeidsforum for skule og barnehage.

Fristar

Midlane til kompetanseløftet vil normalt følgje same fristar og prosessar som gjeld for Dekomp og Rekomp. Fristen for innstillinga frå Samarbeidsforum er 15. mars. For dei søknadane som gjeld Kompetanseløftet, kan samarbeidsforum ha 15. april som frist. I år vil det difor bli to innstillingar. Dei lokale nettverka vel sjølve korleis dei vil leggje opp prosessane fram til fristen 15. april.

Erfaring frå pilotkommunar

Vestland og Trøndelag var ikkje med i piloteringa av Kompetanseløftet i 2020. I Vestland kan det difor vere nyttig å sjå på prosjekta i piloteringa. I høgre marg finn de oppsummeringa av desse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.