Bustadsosialt arbeid

Oppdatert 05.01.2024

Alle treng ein trygg heim, men enkelte treng hjelp til å skaffe ein trygg og god bustad for seg og sine. Statsforvaltaren rettleiar kommunar i Nordland, Vestland og Rogaland i tema som høyrer inn under det bustadsosiale arbeidet. Døme er heilskapleg bustadplanlegging i kommunen, bustader for eldre, nullvisjon for bustadløyse og tiltak for at barnefamiliar, unge uføre og andre utsette grupper kan få eige sin eigen bustad.

Hausten 2021 vart kommuneretta oppgåver frå to regionkontor hos Husbanken overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland. Målet er å skape eit sterkt fagmiljø der bustad blir sett i samanheng med fagområde som helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv. Oppdraget vårt er i første omgang eit treårig forsøk.

Det er mange som må spele på lag for at vi skal lukkast med den sosiale bustadpolitikken. Kommunane har ulik storleik, organisering og ulike utfordringar. Strategien «Alle trenger et trygt hjem» (2020-2024), peikar på seks suksessfaktorar som grunnleggjande for å nå måla i det bustadsosiale arbeidet:

  • forankring og eigarskap
  • organisering og samordning
  • overordna strategi
  • kompetanse
  • økonomiske ressursar
  • brukarmedverknad

Statsforvaltarane møter kommunar fysisk og digitalt, og vi medverkar til å utvikle det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Vi har også arrangement som kan bidra til å auke kompetansen innan bustadsosiale tema.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 31.03.2022

Barn og unge skal ha ein trygg heim

Alle har rett på ein plass å bu. Det viktigaste kommunane kan gjera, er å bruka startlånet aktivt for å hjelpa vanskelegstilte barnefamiliar til å kjøpa eigen bustad.


Publisert 25.02.2022

Digital rettleiingsressurs for arbeid med rus, psykisk helse og bustad

Den digitale verktøykassa veiviseren.no samlar døme, verktøy og tips som kan vere nyttig i kommunens arbeid med å skaffe bustad og tenester til personar som har utfordringar innan rus og psykisk helse


Publisert 10.02.2022

Dei gode bustadsosiale grepa – erfaringar frå bustadsosialt arbeid

For å nå måla i den bustadsosiale strategien Bolig for velferd (2014–2020), har Husbanken gjennomført eit bustadsosialt kommuneprogram. I programperioden har mellom anna fleire vanskelegstilte barnefamiliar fått høve til å kjøpe eigen bustad, og fleire kommunar samordnar i større grad bustad og tenester.


Publisert 02.02.2022

Velferdsteknologi som verkemiddel i bustadsosialt arbeid

Høgskulen på Vestlandet har utarbeida ein rettleiar om korleis velferdsteknologi kan gjere det lettare for personar med samansette og langvarige rus- og psykisk helseutfordringar å få tilgong til og behalda eigna bustad over tid. Rettleiaren kan vere til nytte for kommunane i deira bustadsosiale arbeid.