Publisert 27.01.2022
Avgjerd om havarert flytedokk ved Ågotnes
Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.
Publisert 12.11.2021
Mange produsentar av fiskeolje og fiskemjøl bryt miljøregelverket
Dette er første gongen denne bransjen har vorte kontrollert i ein landsomfattande aksjon. Til saman vart 21 verksemder frå Rogaland til Nordland kontrollerte i aksjonen. I Vestland har vi vore på tilsyn hos tre verksemder.
Publisert 31.08.2021
Landsdekkjande avløpsaksjon
Miljødirektoratet og statsforvaltarane skal gjennomføre tilsyn over heile landet med kontroll av større kommunale avløpsanlegg i august-september 2021.
Publisert 11.05.2021
Kunngjering – Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk
Tufteelva Kraft AS har 10. mai 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk i Røldal i Ullensvang kommune.
Publisert 20.04.2021
Bane NOR skal oppgradere Nygårdstangen godsterminal i Bergen og søkjer om løyve
Anleggsarbeidet er forventa å ta 2,5 år med oppstart januar 2022 og avslutning i mars 2024. Delar av anleggsarbeidet krev løyve etter forureiningslova og vert sendt på høyring. Frist for uttale er 18. mai 2021.
Publisert 09.04.2021
Miljøtilsyn i 2020
I 2020 gjennomførte miljøavdelinga 51 tilsyn etter forureiningslova.
Publisert 12.03.2021
Statsforvaltaren har sendt ut brev om handtering av brøytesnø
Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.
Publisert 12.03.2021
Søknad om utsleppsløyve for Kletten gang- og sykkeltunnel i Førde i Sunnfjord
Statens vegvesen Utbygging søkjer om løyve til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av gang- og sykkeltunnel gjennom fjellpartiet Kletten i Førde i Sunnfjord kommune.
Publisert 24.02.2021
Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av E39 Myrmel-Lunde
Statens vegvesen har 19. februar 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av Myrmelstunnelen i Sunnfjord kommune.
Publisert 28.10.2020
Søknad om utvida utsleppsløyve for Førde tettstad
Sunnfjord kommune søkjer om løyve til å auke utsleppet av kommunalt avløpsvatn frå det kommunale reinseanlegget på Øyrane i Førde, frå 28.000 pe til 40.000 pe.