Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 19.04.2021

Oppstart av frivillig skogvern av fem område i Vestland

Vi sender ut forslag om oppretting av eitt nytt naturreservat og utviding av fire naturreservat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 7. mai 2021.


Publisert 19.04.2021

Brannpatriotar i Sveio

Den store brannen i Sveio i 1992 førte til store endringar i landskapsbiletet. Korleis kjem naturen gradvis attende etter ein slik stor brann? Forskarane har vore ute for å dokumentere, og rapporten er no tilgjengeleg. 


Publisert 13.04.2021

Vi startar verneprosess for Brosvikvatnet naturreservat i Gulen

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Brosvikvatnet i Gulen kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 9. mai 2021. 


Publisert 13.04.2021

Vi startar verneprosess for Lykkja naturreservat i Årdal

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Lykkja i Årdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 1. mai 2021. 


Publisert 13.04.2021

Høyring av frivillig skogvern for Loftesnes naturreservat i Sogndal

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Loftesnes naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 10. juni 2021.


Publisert 25.03.2021

Truga viper på Herdla treng påskefred

Vipene startar hekkesesongen på Herdla i desse dagar. Vipa er i alvorleg tilbakegang og er sterkt truga. Du kan hjelpe vipa når du går på tur i området ved å halde hunden i band, og sjølv kun gå på oppmerka sti og veg. 


Publisert 24.03.2021

Rik edellauvskog og gamal barskog verna

Den 19. mars vart 15 skogområde i tre fylke verna som naturreservat ved kongeleg resolusjon. To av områda ligg i Vestland. Hopslia på grensa mellom Samnanger og Bjørnafjorden, og utviding av naturreservatet Gulbergnotten i Ullensvang. Naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.


Publisert 19.02.2021

Høyring av frivillig skogvern for Kudalen i Stad

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Kudalen naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 25. april 2021.


Publisert 12.02.2021

Høyring av frivillig skogvern for Buggastrondi i Luster

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Buggastrondi naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 18. april 2021.


Publisert 01.02.2021

Vi startar verneprosess for Loftesnes naturreservat i Sogndal

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Loftesnes i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 28. februar 2021.