Etterhandskunngjering løyve til pelearbeid i sjø på Melingssiden i Tananger

Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havnedrift AS løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved gnr. 4 bnr. 142 Melingssiden, Tananger i Sola kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2016

I samband med restaurering av bryggeanlegg skal det setjast ned 29 trepelar under eksisterande småbåtkai. Arbeida i sjø skal gjennomførast i løpet av om lag fem dagar. Sjøbotnen i området er forureina, og Fylkesmannen har mellom anna sett krav om bruk av siltgardin for å hindre spreiing av partiklar og forureining.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.