Lokal høyring av forvaltningsplan for Kydlesvatnet naturreservat
Forvaltningsplanen for Kydlesvatnet naturreservat i Sandnes kommune er lagt ut på lokal høyring. Frist for innspel er 18. januar 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forvaltingsplanen skal vera eit praktisk hjelpemiddel for å ivareta og fremja verneformålet. Det er eit mål at forvaltninga av området skal vera fleksibel og tilpassa lokale tilhøve, samstundes som ho er i tråd med verneforskrifta.
Forvaltingsplanen skal sikra lik forvalting i heile verneområdet, og gir føringar for bruk, skjøtsel, informasjon mm. Planen er ikkje juridisk bindande som verneforskrifta, og kan reviderast ved behov.
Etter høyringsfristen vil Fylkesmannen summera opp eventuelle merknader til planen, og eigengodkjenna denne i samsvar med nasjonale retningslinjer.
Merknader kan sendast fmropost@fylkesmannen.no eller som vanleg brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.