Avfall - Søknad om løyve til avfallsanlegg
Avfallsanlegg som kan føre til forureining eller er skjemmande må søkje om løyve etter forureiningslova. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om kva ein søknad skal innehalde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle som søkjer om nytt eller endra løyve etter forureiningslova for drift av avfallsanlegg må sende søknad med naudsynte opplysningar til Statsforvaltaren. Miljødirektoratet har laga ei rettleiing med god informasjon om kva opplysningar som er naudsynte, sjå lenke til høgre på denne sida. Krav til innhald i søknaden er fastsett i forureiningsforskrifta § 36-2.
Rettleiinga er laga med utgangspunkt i landbasert industri. Rettleiinga er generell og gjeld også for avfallsanlegg.
Vi ber søkjarane bruke rettleiinga. Søkjarar må gå gjennom alle punkt og gjere greie for det som er relevant for deira verksemd.
Rettleiaren skal nyttast som utgangspunkt for alle søknadar om nytt eller endra løyve til avfallsanlegg, som til dømes:
- anlegg for sortering, omlasting og lagring av ordinært og farleg avfall
- kompostering av organisk avfall
- biogassanlegg
- mottak og behandling av kasserte køyretøy og fritidsbåtar
- mottak og sortering av EE-avfall
- mottak, lagring og behandling av forureina massar
Drift av deponi og forbrenningsanlegg er regulert i avfallsforskrifta. Skal du søkje om drift av deponi må du ta kontakt med Statsforvaltaren. Skal du søkje om forbrenningsanlegg må du ta kontakt med Miljødirektoratet.
Vedlegg til søknaden
I Miljødirektoratet sin rettleiar er det laga eit vedlegg 5 som gjeld mottak, lagring og behandling av farleg avfall.
Dei fleste søknadane til Statsforvaltaren gjeld ordinært avfall i tillegg til farleg avfall. Vi har difor laga eit nytt skjema (vedlegg 6) som skal brukast i staden for vedlegg 5. Skjemaet er i hovudsak likt, men på vårt skjema er det i tillegg sett av plass til opplysningar om maksimal lagringstid, type dekke, skjerming og lagringshøgde. Vedlegget finn du til høgre på denne sida.
Søknaden må vere fullstendig før den blir behandla.
Sakshandsaming
I forureiningsforskrifta kap. 36 er det reglar for handsaming av søknadane. Mellom anna er det krav til førehandsvarsling til berørte partar, offentlege etatar og interesseorganisasjonar. I ein del tilfelle er det krav til høyring. Vanleg høyringsfrist er 4 veker. Når Statsforvaltaren legg søknaden ut på høyring, vert det gjort på våre nettsider og i minst ei avis. Søkjar betalar i slike saker for kunngjeringa i avisa.
Vanleg tid for sakshandsaming er 6-9 månader frå fullstendig søknad er mottatt.
Når løyve er gitt vert dei kunngjort på vår nettstad og lagt ut på www.norskeutslipp.no
Gebyr
Statsforvaltaren tek gebyr for arbeidet med løyve i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 39 om gebyr til staten for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova.
Innsending av søknaden
Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Spørsmål
Spørsmål i samband med søknad om nytt eller endra løyve til avfallsanlegg kan rettast til dei som jobbar med avfall hos Statsforvaltaren i Vestland. Sjå: https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/miljo-og-klima/avfall-og-gjenvinning/.