Næringsutvikling
Tomt for investeringsmidlar (IBU) i Rogaland
Allereie første veka i januar kunne Innovasjon Norge Rogaland melde om heile 42 innkomne søknader om investeringsmidlar, med samla søknadssum på om lag 39 millionar kroner. Ramma for IBU-midlar i Rogaland for 2021 er om lag 38 millionar kroner.
Publisert 01.02.2021
Kva kan bønder i Rogaland søke Innovasjon Norge om?
Nytt år og nye moglegheiter! For ein del bønder vil det vere aktuelt å ta kontakt med bankar og Innovasjon Norge for å søke om finansiering til nye prosjekt på garden.
Publisert 29.01.2021
Krevjande å få realisert nye, mellomstore mjølkefjøs
Statsforvalteren hadde den 27. januar samråd med region Vestland om korleis fleire mjølkefjøs kan bli realisert. Hovuderfaringa er at slike nye fjøs med kapasitet for 15 – 30 kyr ofte gir for lita lønsemd, samstundes som det er eit mål å stimulere til nybygg.
Publisert 27.01.2021
Skaff deg meir kunnskap om gamle storferasar
Urfe SA gjennomfører webinar torsdag 4. februar og måndag 8. februar. På det første webinaret er det fokus på økonomi i kjøtproduksjonen, og på det andre er det økonomi i mjølkeproduksjonen.
Publisert 11.01.2021
Sterk opphenting av egg-produsentane
På tre år har egg-produsentane i Rogaland snudd opp ned på statistikken for frittgåande verpehøns. No er åtte av ti høner frittgåande.
Publisert 11.12.2020
Med historia i ryggen og moglegheitene framføre seg
Pia Flæte var berre nøydt til å ta bilete av dei mange siloballane som låg spreidt utover ekra foran gardane i Øvre Vats, og biletet gav ho ein andreplassen i fotokonkurransen "Mangfaldig landbruk i Rogaland". No planlegg ho og mannen drifta på garden med historisk sus og mange moglegheiter.
Publisert 10.12.2020
Med hjarte for landbruk i sentrum av Sauda
May Kristin Lofthus har hatt interesse for gardsdrift heilt frå ho som born fekk vere med til heis med kyrne. Omgitt av husdyr og vakker natur tek ho mykje bilete, og to av dei kom heilt til topps i fotokonkurransen «Mangfaldig landbruk». No legg ho planar for si eiga gardsdrift i Sauda.
Publisert 08.12.2020
Og prisen går til Reve kompost!
Reve kompost har gjort handtering av organisk avfall til solid business. I dag fekk dei Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for sitt arbeid. – Dei bidreg til sirkulærøkonomi i praksis, seier juryleiar og leiar av Innovasjon Norge i Rogaland, Kari Holmefjord Vervik.
Publisert 24.11.2020
Nyyyt leverer til heile landet
Ein av grunnane til at lokalmatverksemda Nyyyt frå Bjerkreim har lukkast i daglegvarehandelen er at dei har "eit vanvittig, sterkt fokus på kvalitet".
Publisert 23.11.2020
Ønsker fleire rogalandsprodukt i sortimentet
Ønsket kjem frå ASKO og Norgesgruppen, og dei rår lokalmatprodusentar som tenker seg inn i daglegvaresegmentet om å vere godt førebudd. Treng du hjelp, så vil dei gi det.
Kontaktpersoner
Lenker
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637