Næringsutvikling
Fylkeskommunen overtar ansvaret for utviklingsmidlar i landbruket
Fylkesmannen sine utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruket blir overført til fylkeskommunen frå og med 1. januar 2020.
Publisert 20.11.2019
Nye roller i landbrukspartnarskapet
Regionreforma gir Rogaland fylkeskommune ansvaret for å forvalte regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving, og til å utforme oppdragsbrevet for dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU) som Innovasjon Norge forvaltar.
Publisert 03.11.2019
Pioneren Olav Røysland frå Voll fekk Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019
Den innovative bonden foredlar husdyrgjødsel til biogass, og bioresten nyttar han til eigen produksjon av økologiske bær. Han er ein meister i å tenke nytt og har vore ein pilot for satsinga på biogass i Rogaland.
Publisert 24.10.2019
Lærerik Inn på tunet studietur til Vindafjord
25 deltakarar besøkte tidlegare i oktober gardane Søre skogen og Haugen gard. Her var det mykje å lære om Inn på tunet-tilboda retta mot oppvekst og skule samt helse- omsorg- og arbeidssektoren.
Publisert 23.10.2019
Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.
Publisert 14.10.2019
Invitasjon til nettverksmøte om landbruk
Korleis kan vi med FNs berekraftsmål i bakhovudet, hjelpe bygdefolket til å bli meir innovative og nyskapande, samt sikre auka verdiskaping frå landbruket? Spørsmålet blir stilt av kommunane Tysvær og Vindafjord.
Publisert 02.10.2019
Gardsysteri og gardsutsal på Varhaug
– Eg drivast av lysten til å få det til, seier bonde og snart eigar av eige ysteri og gardsutsal, Siri Rasmussen Lea. Saman med mannen Jon Lea set dei nå i gang med ein større satsing på Varhaug med produksjon av ost frå eigen mjølk på garden.
Publisert 01.10.2019
Velkomen til Inn på tunet-studietur i Nord-Rogaland
Vil du sjå korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper? Bli med på studietur onsdag 16. oktober.
Publisert 01.10.2019
NM i saueklipping og ullhandtering
4.–5. oktober breker det laust på Varhaug. Her får vi sjå verdas beste saueklipparar i aksjon, og store og små er velkomen til Varhaughallen. – Me er stolte over at tevlinga blir lagt hit, kvar femte sau kjem jo frå Rogaland, seier landbruksdirektør Geir Skadberg
Publisert 23.09.2019
Viktige innspel til kompensasjonsordning for pelsdyrfarmarar
Fylkesmannen i Rogaland har gitt uttale til forslag til kompensasjonsordning etter avvikling av hald av pelsdyr. Her peikar me på at det å bruke bokført verdi som grunnlag ikkje utan vidare gir ein rettferdig kompensasjon.
Kontaktpersoner
Lenker
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637