Motsegn på vegne av landbruksinteressene
Fylkesmannens landbruksavdeling har på vegne av landbruksinteressene fremja motsegn på 8 punkt mot arealdelen av Aure kommune sin kommuneplan 2014-2026. Motsegna gjeld eitt bustadfelt, 5 område for fritidsbustader, eitt naustområde og ein campingplass. Fylkesmannen rår til at det vert sett ei gjennomgåande byggjegrense på 30 meter mellom fritidsbustad og dyrka mark, for å forhindre drifts- og miljømessige ulemper
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen er nøgd med at Aure kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmyndigheita på alvor. Dette synest ved at fleire innspel ikkje er tekne inn eller justert i kommuneplana grunna konflikt med jordvernet, og at det er lagt inn buffersoner mellom fulldyrka mark og utbyggingsområde. Dette er med å sikre framtida for landbruksnæringa i kommunen, ved at dei har kjente rammer og moglegheit for utvikling. Samstundes er det viktig at kommunen også i framtida er bevisst sitt arbeid med å nå det nye nasjonale målet om å redusert omdisponering av dyrka jord, og auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad.
Likevel finn vi nokre forbetringspunkt for kommuneplanen, som kan gje landbruksnæringa endå betre vilkår. Dette gjeld kanskje særleg fritidsbustader i landbruksområde og potensialet for interessekonflikter og drifts- og miljømessige ulemper. Vi saknar også ei meir detaljert skildring av kunnskapsgrunnlaget gjennom påverknader og moglege konsekvensar av dei ulike tiltaka i konsekvensutgreiingar.
I alle arealplaner Fylkesmannen får på offentleg høyring, så er ein viktig faktor at kommunane kan vise til eit tydeleg arealreknskap, som viser eit samsvar mellom etterspurnad etter og tilbod på utbyggingsområde. Dette gjeld både bustadar, fritidsbygg og næringsareal. Når planreserven for både bustad- og fritidsbygg synest å ha ei god overdekning i forhold til det sannsynlege behovet i Aure kommune i planperioden, meiner Fylkesmannen at det bør vere rom for å ta ut føreslåtte område, som har klare konflikter med andre interesser, som f.eks. landbruk.
Aure kommune sitt forslag til kommuneplanens arealdel med konsekvensutgreiing, og svarbrevet frå Fylkesmannen med skildring av dei konkrete motsegna, finn du i høgre marg.