Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.08.2017

Revidert utsleppsløyve for Marine Ingredients AS

Marine Ingredients AS har 23. august 2017 fått revidert utsleppsløyvet frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for  anlegget i Brattvåg i Haram kommune.


Publisert 23.08.2017

Løyve til Viking Gjenvinning AS

Verksemda får løyve til mottak, mellomlagring og handsaming av avfall ved anlegget i Geilevika på Giske.


Publisert 17.08.2017

Endra løyve til Profunda AS i Barstadvika

Profunda AS har 10.08.2017 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til auka produksjon ved anlegget sitt i Barstadvik i Ørsta kommune. Løyvet gjeld ein auke i produksjonen frå 47 tonn til 100 tonn årleg forbruk av fôr. Avløp kan sleppast ureinsa ut på 20 m dyp utanfor anlegget.


Publisert 14.08.2017

Endring i løyve til asfaltverk på Husøya i Kristiansund kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 11.08.2017 gjort vedtak om endring i løyve til Veidekke Industri AS avd. Kristiansund.


Publisert 05.07.2017

Endring i løyve til kompostering av oljehaldig masse - Vestnes Renovasjon AS

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 03.07.17 gjort vedtak om endring i Vestnes Renovasjon AS sitt løyve til kompostering av oljehaldig masse.  


Publisert 04.07.2017

Mellombels løyve til brenning av avløpsslam med bromerte flammehemmarar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 03.07.2017 gitt Tafjord Kraftvarme AS mellombels løyve etter forureiningslova til å brenne lett forureina avløpsslam i anlegget sitt på Grautneset i Ålesund kommune. 


Publisert 29.06.2017

Mellombels løyve til direkteutslepp – Kristiansund kommune

Kristiansund kommune har søkt om mellombels løyve til utslepp av avlaupsvatn frå Nerlandsdalen og Myra pumpestasjon. I samband med nytt reinseanlegg for avlaupsvatn på Hagelin skal det det byggast nye pumpestasjonar i Nerlandsdalen og på Myra. Arbeidet med desse er forsinka, det er gitt løyve på direkteutslipp frå 21.6. til 31.12.2017.


Publisert 21.06.2017

Løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt og returbetong i Vestnes

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 09.06.17 gitt Tomra Maskin AS løyve etter forureiningslova til å ta imot og mellomlagre brukt asfalt og brukt betong på Furneset i Vestnes kommune. 


Publisert 14.06.2017

Løyve til utslepp frå forbrenningsanlegg i Sykkylven

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 07.06.17 gitt J E Ekornes AS avd Aure løyve etter forureiningslova til utslepp frå forbrenningsanlegg.


Publisert 06.06.2017

Løyve til Stranda Transport & Gjenvinning AS

Stranda Transport & Gjenvinning AS har 6.6.2017 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg for mottak av avfall på Kjølen i Stranda kommune. Løyva gjeld mottak og sortering av næringsavfall, mottak og mellomlagring av farleg avfall og er basert på ei årleg behandling av inntil 6250 tonn næringsavfall pr. år.