Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.06.2017

Kristiansund – utfylling ved Sørholmen

Fylkesmannen endrar løyvet til Jemar Utvikling AS til utfylling i sjø ved Sørsundet.


Publisert 09.05.2017

Nordøyvegen – mudring og utfylling i Haram kommune

Fylkesmannen gjev Statens vegvesen løyve til tiltak i sjøen mellom Lepsøya og fastlandet.


Publisert 05.05.2017

Endra løyve til Romundset Transport AS i Aure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 28.04.17 gjort endringar i løyvet til Romundset Transport AS i Aure kommune. Løyvet gjeld sortering og omlasting av ordinært avfall, og endringane omfattar i hovudsak krav knytt til oljeutskiljar.

Vedtaket og det endra løyvet kan lesast via lenka til høgre.


Publisert 03.05.2017

Løyve til tiltak i Gjerdsvika

Fylkesmannen gjev Kystverket løyve til mudring og deponering i Sande kommune.


Publisert 18.04.2017

Endra løyve til Hammervold Renovasjon AS i Nesset

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 04.04.17 gjort endringar i løyvet til Hammervold Renovasjon AS i Nesset kommune. Løyvet gjeld sortering og omlasting av næringsavfall, og endringane omfattar i hovudsak krav knytt til oljeutskiljar.


Publisert 15.03.2017

Fornya løyve til Orkla Foods Norge AS på Stranda

Orkla Foods Norge AS avdeling Stranda fekk den 28.02.2017 fornya sitt løyve etter forureiningslova til produksjon av pizza ved verksemdas anlegg i Stranda kommune. Løyve gjeld ein årleg produksjon på 20 000 tonn pizza.


Publisert 10.03.2017

Løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall i Vestnes

Vestnes Renovasjon AS fekk den 08.03.2017 nytt løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av farleg avfall på verksemdas område i Øveråslia i Vestnes kommune. Løyve gjeld eit årleg mottak av inntil 240 tonn farleg avfall.


Publisert 03.03.2017

Halliburton AS gis løyve etter forureiningslova til mellomlagring av farleg avfall i Kristiansund

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til Halliburton AS til å mellomlagre farleg avfall på Vestbase i Kristiansund kommune. Løyve gjeld eit årleg mottak av inntil 50 000 tonn med avfall.


Publisert 02.03.2017

Løyve til utfylling ved Steinshamn

Fylkesmannen gjev I.P. Huse AS løyve til utfylling i sjø ved Harøya i Sandøy kommune.


Publisert 23.02.2017

Løyve til utfylling i sjø i båthamna ved Cap Clara

Fylkesmannen gjev A. Hammerø AS løyve utfylling i Molde kommune.