Skogbruk
Tema: Skogfond med skattefordel
Skogfondet skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktig investeringar, samt sikra viktige miljøverdiar på eigedomen.
Publisert 19.08.2020
Webinar - tilskot til skogsvegar og vegbanken
27. august inviterar Fylkesmannen den kommunale skogforvaltinga til webinar med tema forvaltning av tilskot til skogsvegar og bruk av vegbanken.
Publisert 15.07.2020, Sist endra 20.07.2021
Tema: Skogsveg
For å utnytte skogressursane er det naudsynt å ha gode skogsbilvegar, og vegane er avgjerande for å driva eit konkurransedyktig skogbruk. Gode og framtidsretta vegløysingar uavhengig av eigedomsgrenser er sentralt for optimal utnytting av skogareala.
Publisert 14.07.2020
Blir det felles skog- og viltforvaltning i Sør-Rogaland?
Skogen i Rogaland er ein viktig ressurs, både økonomisk og klimamessig. No ser kommunane i Sør-Rogaland på moglegheita for å samarbeide om skog- og viltforvaltninga for å sikre at potensialet i skogressursen blir fullt utnytta gjennom grøn verdiskaping.
Planting av skog på nye areal som klimatiltak
Rogaland var i frå 2015 til 2018 eitt av tre fylke som var med på pilotfasen i prosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak». Satsinga var eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012.
Publisert 02.07.2020, Sist endra 20.07.2021
Tema: Ungskogpleie
Ungskogpleie er å gjere tiltak i eit ungt plantefelt for å sikre best mogleg vekstforhald for framtidstrea; dei trea som ut frå treslag og kvalitet gir størst mogleg verdi for skogeigar.
Publisert 02.07.2020, Sist endra 20.07.2021
Tema: Planting av skog
Å forynge skogen er å sørge for at det kjem opp ny skog etter hogst. Dette er eit av dei viktigaste tiltaka skogeigaren gjer i skogen. Ved å forynge sikrar ein ny produksjon, økonomi og tilgong på råstoff i framtida.
Publisert 25.06.2020
Bygg i tre for framtida
Å bygge i tre gir klimagevinst i form av binding av CO2 i bygget. Dette treng ikkje å gå på bekosting av verken byggeprosessen eller kvaliteten på resultatet. Noregs styrste næringsbygget med berekonstruksjon av tre står i Stavanger og nådde denne veka toppen i to kåringar gjort av byggebransjen sjølv.
Publisert 11.06.2020
Ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktiviteten i 2020
Landbruks- og matdepartementet har fastsett ny midlertidig forskrift for å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket i 2020. Tilskotsordninga skal bidra til å halde hjula i gong for heilmekaniserte skogsentreprenørar.
Publisert 09.06.2020
Våronn i skogane i Rogaland
Våren er den beste tida for planting av skog. Det byrjer å bli varmt i veret, men det er framleis fuktig i jorda og plantene får etablert seg godt. I frå april ut over sommaren er det våronn i skogane og mykje aktivtet. Dei siste 10 åra har det i snitt blitt planta 500 000 skogsplanter i Rogaland, og omkring like mange er venta i jorda i år.