Skogbruk
Ny podkast om forynging av barskog frå Skogkurs
Du som skogeigar er plikta til å sikre ein tilfredsstillande forynging etter hogst. For å lukkast med ei god etablering etter hogst, er det fleire ting du må tenkje på før hogst, men også under og etter etablering av ny skog. Skogkurs med Geir Myklestad, Mathis Lunde og Martin Moi Stener har gått i studio for å belyse temaet.
Publisert 27.08.2018
«Grønn Frokost» markerte oppstart av ny satsing på trebruk i Rogaland
«Alle gode ting er tre» samla over 60 deltakarar onsdag 22. august på Statens hus, der tema var korleis vi kan auke bruken av tre i bygg og kvifor dette er viktig. I tillegg blei ei ny tresatsing i Rogaland presentert.
Publisert 15.08.2018
Avslutningsarrangement for pilotprosjektet "Planting av skog på nye arealer som klimatiltak" i Rogaland
Pilotprosjektet "Planting for klima" starta i 2015 som ein oppfølging av Klimaforliket. Prosjektet har gått ut på å plante skog på opne attgroingsareal og for å auke skogsarealet og opptaket av CO2. Nå er den treårige pilotfasen over, og det skal sjølvsagt markerast med brask og bram.
Publisert 24.07.2018
Kompetansesatsing for skogbruket langs kysten
Skogkurs er eit kompetansesenter i særklassen innan skog og skogbruk i Noreg. Dei har no retta fokuset mot kystskogbruket og har utarbeida ein skreddarsydd kompetansepakke for kystskogeigarar og deira rettleiingsapparat i kommunane for å auke kunnskapen om skog og skogbruk. No er det opp til kommune og grunneigarar å ta det i bruk.
Publisert 21.06.2018
Skogserien: Økonomiske støtteordningar i skogbruket
Det er mykje å hente ved å kjenne dei økonomiske støtteordningane i skogbruket.
Publisert 13.06.2018
Skogserien: Skogsveg gir god økonomi
Skogsveg kan lønna seg for deg som er skogeigar. I den fjerde artikkelen i Skogserien får du gode råd frå vegplanleggaren i Rogaland.
Publisert 28.05.2018
Eit av dei største næringsbygga i tre reiser seg – i Rogaland!
På Bjergsted i Stavanger veks det fram eit mektig bygg. Her skal hovudkontoret for Sparebank 1 SR-bank ligge, og det skal byggast i tre. Næringsaktørar frå skognæringa og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen fekk besøke byggeplassen der spiker er eit fy-ord og synet av limtre gir salige blikk.
Publisert 24.04.2018
Grindabygg i ny drakt
I Fjellgardane i Vikedal i Vindafjord held Tore Hundseid Birkeland til. Den tidlegare sauebonden ønskjer oss velkomen til gards med hender dekt av kvae. Her ser me driftsbygningar som strekkjer seg høgt til himmels, men det er kva som er inni dei, som pirrar nysgjerrigheita vår. Her blir nemleg eit grindabygg til.
Publisert 15.03.2018
Tilskot til plantekjøp og plantearbeid i skogbruket i Rogaland
Plantesesongen er snart i gong, og då er det lurt å være klar over kva slags tilskot du som grunneigar kan få ved planting av skog. Oversikta under viser nokre av tilskota som finnast i skogbruket.
Ønskjer du å vite meir om kva slags tilskot som finnast, kan du ta kontakt med kommunen din. Hugs at du óg kan nytte deg av skogfond når du gjør tiltak i skogen.
Publisert 09.03.2018
Skogsamling - ein møteplass for skognæringa og forvaltninga i Rogaland
«Utfordringane i skogbruket må bli meir allmenngjort». Dette opna Landbruksdirektør Geir Skadberg skogsamlinga med, og meinte at fleire må få auga opp for problema knytt til manglande forynging etter hogst, avverking før skogen er hogtsmogen og ikkje minst behovet for ressursar på kommunenivå i skogsektoren. Med dette i bakhovudet, gjekk skognæringa og forvaltninga laus på programmet for dagen.