Forureining

Oppdatert 27.01.2025

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Cathrine Stabel Eltervåg (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Ørjan Simonsen (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 05 

Publisert 19.02.2019

Løyve til Statkraft AS for mellombels utslepp av anleggsvatn

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statkraft AS løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvildal kraftverk i Surdal kommune.


Publisert 17.01.2019

Løyve til Åkrehamn reinseanlegg

Karmøy kommune har fått løyve til utslepp av reinsa avløpsvatn tilsvarande 15 000 pe frå Åkrehamn reinseanlegg.


Publisert 16.01.2019

Løyve til arbeid i sjø for etablering av kai i Habnavågen

Syre Båtforening AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 38/163 Habnavågen i Karmøy kommune.


Publisert 16.01.2019

Løyve til utfylling i sjø ved Ormaneset i Rennesøy

Green Mountain AS er gitt løyve til utfylling i sjø for etablering av næringsbygg på eigedomen 36/16 ved Ormaneset i Rennesøy kommune.


Publisert 14.01.2019

Løyve til Statens vegvesen, Region vest for utslepp av anleggsvatn på Kvitsøy

Fylkesmannen har gitt Statens vegvesen, Region vest løyve etter forureiningslova til utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving ved Kvitsøy.


Publisert 04.12.2018

Løyve til Eigersund Næring og Havn KF for arbeid i sjø

Fylkesmannen har etter søknad gitt Eigersund Næring og Havn KF løyve til arbeid i sjø ved Kongsteinsanlegget i Eigersund kommune.

 


Publisert 28.11.2018

Ny miljørettleiar for pukkverk

Miljødirektoratet har nettopp produsert ein miljørettleiar for pukkverk. Rettleiaren er retta mot produsentar, konsulentar og styresmakter.


Publisert 23.11.2018

Har du forureina grunn på tomta di?

Fylkesmannen og kommunene arbeider for å få meir oppdatert oversikt over område med forureina grunn i Rogaland. I Miljødirektoratet sin kartbase Grunnforurensning kan du sjekke informasjon om din eigedom.


Publisert 15.11.2018

Endring av løyve til arbeid i sjø ved Husøy

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til arbeid i sjø ved Husøy, eigedomen 86/71 i Karmøy kommune.


Publisert 14.11.2018

Etterhandskunngjering endra løyve til utfylling i sjø ved Buøy

Statens vegvesen har fått endra løyve for RV13 Ryfast, utvida utfylling ved Buøy i Stavanger.