Forureining

Oppdatert 07.03.2023

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.10.2019

Tiltak mudring i sjø Finnesandkanalen i Rennesøy

Mudring i sjø og restaurering av kai på eigedomene 54/153 Mosterøyveien 668 treng ikkje løyve etter forureiningslova.


Publisert 17.10.2019

Endra løyve til tiltak i sjø Aibel AS Haugesund

Aibel AS på Risøy er gitt endra løyve til sprenging og mudring av massar i sjø eigedomen 39/27 i Haugesund kommune. Endringane omhandlar i hovudsak vilkår for bruk av siltgarn og disponering av mudringsmassar.


Publisert 07.10.2019

Etterkunngjering av endra løyve til utfylling i sjø ved Knarholmen i Bokn

Knarholmen AS er gitt endra løyve til utfylling i sjø ved eigedomanen 11/327 og 11/328 i Bokn kommune. Endringa gjeld avbøtande tiltak etter graden av forureining er gjort kjent.


Publisert 26.09.2019

Løyve til tiltak i sjø ved Lindøygapet - Egersund havn

Eigersund Næring og Havn KF er på visse vilkår, gitt løyve til mudring av ca 250 m3 og sprenging av ca 70 m3 massar ved fjerning av grunne ved Lindøygapet innløpet indre havn i Eigersund kommune.


Publisert 26.09.2019

Løyve til utfylling i sjø Rogfast E03 Mekjarvik

Statens vegvesen er på visse vilkår, gitt løyve til utfylling av totalt 3 370 000 m3 strengstein frå Rogfast E03 ved Mekjarvik i Randaberg.


Publisert 04.09.2019

Etterkunngjering av løyve til tiltak i sjø Indre Vågen i Sandnes

Sandnes kommune er gitt løyve etter forureningslova til mudring og peling av brygge på eigedomane 111/1203 og 111/253 på vestsida av gjestehavna i Vågen.


Publisert 26.08.2019

Løyve til arbeid i sjø ved Dalaåna og Nordåna kraftverk i Forsand

Småkraft Utbygging AS er etter forureningslova gitt løyve til mellombels utslepp av anleggsvatn i sjø. Det er gitt avslag på dumping av massar i Lysefjorden.


Publisert 26.08.2019

Tiltak i sjø ved Aibel AS i Haugesund

Aibel AS er på visse vilkår gitt løyve etter forureiningslova til sprenging og mudring i sjø utanfor tørrdokken ved Risøy i Haugesund kommune.


Publisert 25.07.2019

Etterhandskunngjering av løyve til Omland Tankrenovasjon AS

Fylkesmannen har gitt løyve til mottak og mellomlagring av slam frå sandfangkummar på kommunale og private overvannsnett. Mellomlageret er lokalisert på eigedomen 30/10 i Hå kommune.


Publisert 08.07.2019

Mellombels løyve til arbeid i sjø ved innløp Hillevågsvatnet

Stavanger kommune er på visse vilkår, gitt mellombels løyve til utfylling i sjø ved Hillevågvatnet.