Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert 29.12.2023

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert ved fastsetjing av dei rettleiande retningslinjene, då dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir


Publisert 14.12.2021

Opptak fra Bolig- og velferdskonferansen

Statsforvalteren i Oslo og Viken arrangerte i november Bolig- og velferdskonferansen 2021 sammen med Husbanken Øst.

Formålet med konferansen var å tilrettelegge for bedre samarbeid og samordning mellom de tjenester og instanser som har som oppgave å jobbe for at alle skal ha et trygt hjem.


Publisert 29.11.2021

Informasjonsskriv nr 5/2021

Vurdering av søknader om økonomisk stønad fra personer som er innvilget oppholdstillatelse under forutsetning av underhold.


Publisert 08.11.2021

Informasjonsskriv nr 4/2021

Egenvurdering – Kartlegging, vurdering og beslutning av barns behov ved søknad om økonomisk stønad, inkludert barn av brukere som deltar i kvalifiseringsprogrammet.


Publisert 04.08.2021

Informasjon om tiltak som har mottatt tilskudd til utvikling av sosiale tjenester i Nav-kontoret

Her finner dere liste over alle tiltak som har midler for drift i 2021.


Publisert 29.06.2021

Veiledningsskriv - utbetaling av stønad

Sosialtjenesteloven - stønadsformer og utbetaling av stønad


Publisert 18.06.2021

Nav styrker internkontrollen

11 av 16 Nav-kontor i Oslo og Viken konkluderte med lovbrudd etter å ha gjennomgått egen praksis ved etterbetalt trygdeytelse. Samtlige har en plan for å rette opp i forholdene. 


Publisert 04.06.2021, Sist endra 11.06.2021

Informasjonsskriv

Under er en oversikt over våre aktive informasjonsskriv


Publisert 18.02.2021

Infoskriv nr. 1/2021 - statistikk 2020

Klagesaker/enkeltvedtak etter lov om sosiale tjenester i NAV og vedtak etter forvaltningslovens § 36


Publisert 09.02.2021

Veiledningsskriv til forvaltningsloven § 36

Statsforvalteren ser i forbindelse med klagesaker at det i Nav-kontorenes vedtak etter sosialtjenesteloven ikke alltid er opplyst om retten til å kreve saksomkostninger etter forvaltningsloven (fvl.) § 36


Publisert 22.01.2021

Informasjonsskriv nr 2/2020 - ny publisering

Flyktninger og personer som har fått opphold på humanitært grunnlag som flytter i integreringstilskuddsperioden, og søker økonomisk stønad i ny kommune.