Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.09.2021

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotet er å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Merk kort søknadsfrist.


Publisert 13.09.2021

Treng du helse- og omsorgstenester i ein annan kommune enn den du bur i?

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester i ein kommune, skal søknaden din behandlast uavhengig av om du er folkeregistrert der eller ikkje. Kommunen kan ikkje avslå søknad på bakgrunn av at du ikkje er folkeregistrert der.


Publisert 16.08.2021, Sist endra 16.08.2021

Varslingsplikt etter alvorlege hendingar i kommunale helse- og omsorgstenester

Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har plikt til å varsle om dødsfall og svært alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn.


Publisert 29.07.2021, Sist endra 02.08.2021

Mann som døydde av bløding etter mandeloperasjon fekk forsvarleg helsehjelp

Ein ung mann døydde i vår av bløding etter mandeloperasjon. Sjølv om vi har konkludert med at helsehjelpa var forsvarleg, har saka avdekt eit behov for tydelegare informasjon om kor pasientar kan ta kontakt dersom det kjem bløding etter ein slik operasjon.


Publisert 26.07.2021

Samfunnsmedisinsk beredskap i kommunane

Ei viktig erfaring frå pandemien er at det trengst god samfunnsmedisinsk beredskap og kompetanse i kommunane, og at dette tek tid å bygge opp. Dei fleste kommunane i Vestland hadde ikkje tilstrekkeleg kommuneoverlegekapasitet det første halve året av pandemien.


Publisert 29.06.2021

Lovbrot ved utskriving frå Avdeling for rusmedisin

Etter å ha undersøkt ei utskriving frå Avdeling for rusmedisin i april 2020 konkluderer Statsforvaltaren i Vestland med at helsehjelpa ikkje var forsvarleg, då vidare behandling og oppfølging ikkje var tilstrekkeleg planlagt og organisert.


Publisert 24.06.2021

Rettleiar om fastlegars deltaking i helsefellesskap

Rettleiaren gir anbefalingar om oppnemning, rolle og honorering av fastlegar i helsefellesskapa som etablerast i mange opptaksområde i helseføretaka. Den er utarbeida av KS og Legeforeningen.


Publisert 23.06.2021

Ny nasjonal plan for rehabilitering etter covid-19

Helsedirektoratet har presentert ein nasjonal plan som angir anbefalt retning for arbeidet med rehabilitering for personar med rehabiliteringsbehov etter covid-19-sjukdom.


Publisert 27.05.2021

Vil førebyggje at barn og unge blir utsett for negativ sosial kontroll i sommarferien

Tenestene i kommunar og fylkeskommunar har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet, og plikter å hjelpe barn og unge som er utsett for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.


Publisert 07.05.2021

Podkastserie deler kunnskap om mat og måltidsglede blant eldre

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland og Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid produsert podkastserien Mat og måltid blant eldre.