Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.02.2021

Sjukehuset gav forsvarleg helsehjelp

Pasienten var nyleg utskriven frå eit kort opphald ved psykiatrisk akuttmottak. Vi har undersøkt hjelpa han fekk på sjukehuset og har kome til at han fekk forsvarleg helsehjelp.


Publisert 01.02.2021

Statsforvaltaren tilrår ikkje lovendring som opnar for portforbod

Portforbod er eit svært inngripande tiltak, og vår konklusjon er at vi ikkje vil tilrå lovendringa. Dette skriv vi i høyringssvaret til forslaget om endring i smittevernlova.


Publisert 21.01.2021

Tilskot til oppfølging av akuttmedisinforskrifta

Kommunane kan søke Helsedirektoratet om tilskot for å auke kompetansen til legar og anna helsepersonell som deltek i legevakttenesta.


Publisert 19.01.2021

Pasienten som rømde og skada familien sin fekk forsvarleg helsehjelp

Ein pasient som var innlagd ved Valen sjukehus, rømde frå sjukehuset og utøvde grov vald mot familien. Vi er komne til at helsehjelpa mannen fekk ved sjukehuset var forsvarleg.


Publisert 08.01.2021, Sist endra 25.03.2021

Vaksinering av personar som ikkje har samtykkekompetanse

Verken verje eller næraste pårørande kan samtykke til vaksine for personar som manglar samtykkekompetanse.


Publisert 17.12.2020

Webinar om samtalar med barn og unge om vald og overgrep

RVTS arrangerer webinar om korleis legge til rette for gode samtalar med barn og unge om vald og overgrep 24. februar.


Publisert 16.12.2020

Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida

Jule- og nyttårsfeiringa står for døra, og mange som tek imot helse- og omsorgstenester vil i denne tida få besøk, eller ønske å dra heim til pårørande, vennar og familie.


Publisert 15.12.2020, Sist endra 18.12.2020

Forsterka psykososial beredskap rundt jul og nyttår

Fylkesmannen tilrår at kommunane har informasjon om offentlege hjelpe-, behandlings- og støttetilbod, og tilbod frå ideelle og frivillige organisasjonar lett tilgjengeleg på sine heimesider. 


Publisert 10.12.2020

Bruk av tolketenester under koronapandemien

Vi oppfordrar leiarar for kommunale helse- og omsorgstenester og helseføretak om å ha særskilt merksemd på riktig bruk av tolketenester under koronapandemien.


Publisert 30.10.2020

Askøy-dødsfalla: mannen fekk forsvarleg behandling

Mannen som politiet mistenker at drap mora si, og seg sjølv, fekk forsvarleg behandling i helsetenesta i forkant av hendinga. Det viser tilsynet Fylkesmannen har gjort.