Kommuneøkonomi

Oppdatert 02.01.2023

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.10.2022

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2023

Statsforvaltaren har i fordelinga av skjønnsmidlar lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av kommunanes overordna økonomiske situasjon. I tillegg har vi vurdert om det er lokale tilhøve som ikkje er varetekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.


Publisert 06.10.2022

Statsbudsjettet for 2023

Regjeringa Støre har lagt fram Statsbudsjettet for 2023 i dag. Sterk kostnadsvekst og lågare inntekter gir samla sett ein realnedgang for kommunane, samanlikna med nivået i revidert nasjonalbudsjett 2022.


Publisert 24.08.2022

Skjønsmidlar til vertskommunar i samband med den ukrainske flyktning-situasjonen

Stortinget har vedteke å auke skjønsramma til vertskommunar som har vesentlege utgifter til ukrainske flyktningar i mottaksfasen.


Publisert 20.06.2022

Gloppen kommune ute av Robek

Gloppen kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2021 som viser at alt meirforbruk no er dekt inn. Kommunen blir derfor meld ut av Robek-registeret.


Publisert 16.06.2022

Bremanger kommune ute av Robek

Bremanger kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2021, som viser at alt meirforbruk no er dekt inn. Kommunen blir derfor meld ut av Robek.


Publisert 24.05.2022

Oppsummering frå kommunekonferansen i Balestrand

Årets samling der kommunane møter staten er gjennomført, og vi takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.


Publisert 16.05.2022

Revidert nasjonalbudsjett 2022 og kommuneproposisjonen for 2023

Revidert nasjonalbudsjett 2022 og kommuneopplegget for 2023 vart lagt fram 12. mai.


Publisert 25.03.2022

Gode resultat for kommunane i Vestland

Kommunane har levert førebelse rekneskap for 2021. Sjølv om det er forskjellar mellom kommunane, vil resultata samla sett styrkje kommuneøkonomien i Vestland, og ingen av kommunane har no akkumulerte underskot. 


Publisert 25.03.2022

Gloppen har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Gloppen er ein Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2022 med ei låneramme på 40,6 mill. kroner.


Publisert 25.03.2022

Bremanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Bremanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2022 med ei låneramme på 52,4 mill. kroner.