Kommuneøkonomi

Oppdatert 02.01.2023

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.01.2019

Statsbudsjettet 2019

Årets statsbudsjettdag er gjennomført og omlag 25 personar frå kommunane fekk med seg TV-overføring av  finanstale, nasjonale tal og tiltak, og vår presentasjon om verknader for kommunane i Sogn og Fjordane.


Publisert 09.01.2019

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2019

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, språkdeling (nynorsk/bokmål) og svak økonomi er prioritert i skjønnsfordelinga.


Publisert 09.01.2019

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i Hordaland

Fylkesmannen vil med dette invitera kommunane til å søkje om skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjøn) for 2019.


Publisert 09.01.2019

Statsbudsjettet 2019 og kommunane i Hordaland

Skatteanslaget for 2018 er no høgare enn berekna i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) i vår med kr 2,4 mrd. For 2019 legg regjeringa opp til ein vekst i dei frie inntektene på kr 2,6 mrd. rekna frå nivået i RNB 2018. Auken går i hovudsak til å dekke demografikostnader, pensjon og satsingar innanfor dei frie inntektene.