Avfall og gjenvinning

Oppdatert 21.02.2023

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.07.2020

Ny forskrift om bruk av betong og tegl frå riveprosjekt

Frå 1. juli 2020 er bruk og disponering av betong og tegl frå riveprosjekt regulert i kapittel 14A i avfallsforskrifta. 


Publisert 08.05.2020

Kunngjering - endra løyve til avfallsanlegg på Eidsmona

Fylkesmannen har vedteke å endre Nordfjord Miljøverk iks sitt utsleppsløyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Eidsmona.


Publisert 28.04.2020

Tilsyn med avløpshandteringa i Askøy kommune

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn 11. og 12. desember 2019 med Askøy kommune med tema avløpshandtering.


Publisert 23.04.2020

Miljøtilsyn i 2019

Fylkesmannen gjennomførte over 100 tilsyn på forureiningsområdet i fjor.


Publisert 15.04.2020

Søknad om løyve til avfallsanlegg på Sunde industriområde

Byggservice AS søkjer om løyve til å motta, mellomlagre, knuse og gjenbruke asfalt og betong i Kvinnherad. Frist for uttale er 15. mai 2020. 


Publisert 02.04.2020

Informasjon til avfallsanlegg

For å unngå at avfall hoper seg opp som følge koronasituasjonen gir Miljødirektoratet avfallsanlegg mellombels løyve til å ta imot og lagre meir avfall. Dei har også bedd kommunane halde gjenvinningsstasjonane opne for å sikre eit minimumstilbod.


Publisert 27.03.2020

Kunngjering - Løyve til tiltak på Slettebakken deponi

Bergen kommune har 13. mars 2020 fått løyve etter forureiningslova til etablering av avskjærande grøft og uttak av avfallsmassar for pilotforsøk på Slettebakken deponi i Bergen. 


Publisert 26.03.2020

Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg på Espehaugen

Løvaas Maskin AS har den 19. mars 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Espehaugen i Bergen. 


Publisert 20.03.2020

Kunngjering - Nytt løyve til avfallsanlegg på Ågotnes

Stena Recycling AS har den 10. mars fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på CCB-basen på Ågotnes i Askøy kommune.

 


Publisert 20.03.2020

Kunngjering - Mellombels løyve til avfallsanlegg på Eidsmona

Retura Nomil as har fått løyve til å lagre smittefarleg avfall på sitt anlegg på Eidsmona i Gloppen kommune. Løyvet er utferda som eit mindre tillegg til eksisterande løyve.