Avfall og gjenvinning

Oppdatert 21.02.2023

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.02.2020

Kartlegg mottak for jord og stein

Fylkesmannen ber kommunane opplyse om massetippar og massemottak for jord- og steinmassar som ikkje er forureina. Informasjonen skal brukast til å vurdere kva anlegg som i framtida må ha løyve etter avfallsregelverket.


Publisert 25.09.2019

Lite informasjon i elektronikkforretningar om mottak av EE-avfall

Såg du informasjon om at butikken tek imot kasserte elektriske og elektroniske produkt førre gong du var hos ein elektronikkforhandlar? Tilsyn viser at butikkar ikkje informerer godt nok om plikta til å ta imot EE-avfall.


Publisert 25.06.2019

Søknad om mottak av EE-avfall og metallavfall på Ågotnes

Stena Recycling AS søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak og behandling av EE-avfall og metallavfall på CCB, Ågotnes i Fjell kommune. Frist for uttale er 10. august 2019.


Publisert 19.06.2019

Søknad om løyve til avfallsanlegg i Rådalen

Fana Stein og Gjenvinning Nett AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for behandling og mellomlagring av forureina massar i Rådalen i Bergen kommune. Frist for uttale er 10. august 2019.


Publisert 13.03.2019

Søknad om endring av løyve på Ravnanger

BIR Bedrift AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova for avfallsanlegget på Ravnanger (tidlegare Brødrene Salomonsen AS) i Askøy kommune. Frist for uttale er 11. april 2019.


Publisert 26.02.2019

Endra løyve for deponiet i Svartasmoget

Fylkesmannen har endra Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sitt løyve til deponering av avfall på Svartasmoget i Fitjar. Ny frist for å klage på vedtaket er 20. mars.


Publisert 14.01.2019

Søknad om mellomlagring av asfaltmassar på Espehaugen 54

Løvaas Maskin AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for sitt avfallsanlegg på Espehaugen 54 i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. februar 2019.