Jordvern og landbrukseigedom

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.

Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.

Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.01.2023

Ta vare på matjorda

Med klimaendringar og aukande folketal må matjorda brukast til å dyrke mat. Matproduksjon på eigne naturressursar er eit godt beredskapstiltak i ei usikker verd.


Publisert 11.10.2022

Glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune

For ikkje mange år sidan var Ørsta kommune «jordvernversting» i Møre og Romsdal. Ørsta var kommunen som omdisponerte mest matjord til andre føremål. No er Ørsta først i fylket med å lage eigen jordvernstrategi.


Publisert 14.06.2022

Tilskot til kommunal jordvernstrategi

Kommunar kan søkje midlar til å utarbeide eigne jordvernstrategiar – frist 30. juni.


Publisert 17.03.2022

Avgjerd i motsegnsak – kommuneplan for tidlegare Volda kommune

Kommunal – og distriktsdepartementet gir Statsforvaltaren delvis medhald i motsegn til kommunedelplan i Volda kommune. 39 dekar fulldyrka jord av stor verdi blir såleis ikkje sett av til bustad- og næringsareal. Eit 200 dekar stort område med skogsmark og myr blir heller ikkje sett av til næringsareal. 


Publisert 27.01.2022

Matjorda får ny bustadsadresse

I vegprosjektet E39 Lønset – Hjelset, skal matjorda som ligg i traséen flyttast og dyrkast opp til nytt landbruksareal.


Publisert 05.01.2022

Webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern

NIBIO arrangerer webinar om kartbasert kunnskapsgrunnlag for jordvern. Webinaret er felles for Møre og Romsdal og Vestland fylke, og vert halde onsdag 26. januar.


Publisert 20.12.2021

Motorsenter utfordrar jordvernet på Gossen

Gossen Motorsenter i Aukra kommune vil utvide anlegget sitt, men kjem i konflikt med ei stor dyrka mark på 20 dekar. Statsforvaltaren er interessert i å finne ei løysing for motorsenteret, men vil ikkje godta inngrepet og omfanget som er skissert.


Publisert 14.12.2021

Bygging av brannstasjon på dyrka mark i Stordal

Fjord kommune har vedteke bygging av brannstasjon på dyrka mark i Stordal. Som kompenserande tiltak skal all matjorda ivaretakast og brukast vidare til matproduksjon.


Publisert 26.11.2021

Landbruksdirektoratet einige med Statsforaltaren i konsesjonssak

Statsforvaltaren sitt vedtak om å avslå søknad om konsesjon for kjøp av kommunal skogteig er handsama som klagesak hos Landbruksdirektoratet. Statsforvaltaren sitt vedtak om å avslå konsesjon vart ståande.


Publisert 11.11.2021

God løysing for landbruket på Haramsfjellet

I gjennomføringa av Haram vindkraftverk har 15 dekar dyrka mark blitt nedbygd. Dette er berre halvparten av kva som var planlagt.