Jordvern og landbrukseigedom
God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.
Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.
Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.
Urovekkjande høgt tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal
KOSTRA-tal viser mindre tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal i 2015 samanlikna med 2014. Men framleis er vi det fjerde største fylket i landet i høve omdisponering av dyrka mark. Ut frå det begrensa arealet vi har i Møre og Romsdal, er resultatet for 2015 urovekkjande.
Publisert 06.10.2016
Kommunedelplan Hjelset – Molde kommune – god plan for jordvernet
Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.
Publisert 30.09.2016
Landbruksdirektoratet foreslår å styrke jordvernet gjennom endringer i jordloven
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Landbruksdirektoratet overlevert to utgreiingar, som tek føre seg viktige problemstillingar for eit styrka jordvern.
Publisert 30.09.2016
Aukra kommune - landbruk trekkjer motsegn
Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.
Publisert 30.09.2016
Aukra kommune – landbruk trekkjer motsegn
Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.
Publisert 28.09.2016
Kommunedelplan Isfjorden – gode rammevilkår for landbruksnæringa
Ved fråsegn til 2. gongs høyring for kommunedelplan Isfjorden i Rauma kommune, hadde Fylkesmannen 3 motsegner på vegne av landbruksinteressene. Ved 3. gongs offentleg ettersyn er alt teke til etterretning, og Fylkesmannen kunne dermed trekke motsegna knytt til plana for landbruksinteressene.
Publisert 21.09.2016
Eigen nettstad om matjord
Sunn jord betyr sunt liv! Her kan du lære meir om kvifor jorda er viktig og korleis matjorda er truga.
Publisert 20.07.2016
Urovekkjande høgt tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal
- KOSTRA-tal viser mindre tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal i 2015 samanlikna med 2014. Men framleis er vi det fjerde største fylket i landet i høve omdisponering av dyrka mark, og ut i frå det begrensa arealet ein har i Møre og Romsdal er resultatet for 2015 urovekkjande.
Publisert 27.06.2016
Fylkesmannen fekk medhold i klage – jordvern
Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått ein dispensasjonssak frå Giske kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.
Publisert 27.06.2016
10 motsegner på vegne av jordvernet - kommuneplan Surnadal
Landbruksnæringa er, på lik line med andre næringar og kanskje i enda større grad, avhengig av kjente arealmessige rammer og moglegheit for utvikling. Fylkesmannen meiner at Surnadal kommune kunne prioritert landbruksnæringa og jordvernet enda sterkare enn kva forslaget til ny kommuneplan no legg til grunn. Dette for å nå dei nasjonale målsettingane om auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad, samt tydelige styringssignal om auka fokus på jordvern.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Nasjonal og regional interesse innafor jordvern
- Jordvernstrategi for Møre og Romsdal
- Kommunefordeling kart
- Innst. 56 S (2015-2016) Nasjonal jordvernstrategi
- Oppfølging av nasjonal jordvernstrategi
- Jordmassar – frå problem til ressurs. Fagleg og praktisk rettleiar.
- Jordmassar - frå problem til ressurs - offentlig forvaltning